Velspelt, dansbart og littegrann glatt

Staffan William-Olsson var tilbake på Stord laurdag, Denne gongen hadde gitaristen med seg sitt eige band, Babylon Brothers, og eigne låtar i amerikansk vestkyststil. 



Dei må ha teke namnet frå Steely Dan, sa ein kompis eg delte bord med, ogventa at eg forstod kva song han sikta til. Babylon Sisters. Men det gjorde eg ikkje,for trass i at eg godt kan lytta til og lika alle typar musikk, er Steely Danog denne sjangeren dei høyrer heime i, kanskje den slags musikk eg slit mest med.

Det er så velprodusert, velspela og flinkt, og fullstendig utan kantar og motstand,at det oftast berre glir forbi øyro mine utan å festa seg.

Då Babylon Brothers entra scenen og sette i gang maskineriet, så var det nettopp så velsmurt og så føreseieleg som namnet då kunne tyda på. Her var lite som butta i mot, og få tråar å snubla i.

Deira faste trommis, Erik Smith, er sjukmeld, og Per Erik Tørfoss vikarierte, og han er saktens god nok, men var ikkje alltid heilt med på dei andre sine notar, tykte eg. Dei andre var bassist Ole Marius Melhuus, som er ein forrykande god musikar, både i funky komp og som solist, og Jens Andreas Kleiven på keyboards og vokal med stemmeklang og fraseringar som henta frå eit songseminar med Stevie Wonder.

Berre det at Wonder no er Wonder og ingen gjer dette heilt som han. Skulle no berre mangla ògså. Likevel, den flørtande songaren, vann tydelegvis nokre hjarto, etter tilropa å døma. Kleiven har forresten sin eigen platekarriere, som kristen (altså med kristne tekstar) soulsongar.

Hovudpersonen Staffan William-Olsson, med rykande fersk norsk statsborgarskap, og norsk-svensk talemål, er ein briljant, teknisk gitarist. «Det er sjeldan eg har høyrt så mange tonar på så kort tid», kommenterte ein gammal gitaristvenn. Og han har rett, det gjekk frykteleg fort til tider, men fort og kontrollert. Han veit kva han skal gjera, og korleis han skal gjera det, det er ikkje berre å spela tilfeldige skalaer så kjapt ein berre vinn. Det er planlagd og innøvd, slik gode improvisasjonar må vera.

Rimeleg variert er gitarspelet òg, sjølv om det held seg i same leia. Han er sjangertru, same kva band ein høyrer han i, denne mannen. Det eg kanskje likte best, var at han ikkje stod med ein kvadratmeter pedalar og effektar framføre seg, men, stort sett, satsa på rein og krystallklar gitarlyd.

Det er mest komposisjonane eg har problem med, denne kvelden, å skilja den eine låten frå den andre.

«Slik er det i blues òg», parerte Ole Jacob Hystad då eg nemnde dette for han. Og han har sjølvsagt heilt rett. Slik er det i alle sjangrar, før ein har sett seg inn i dei og lytta grundig, høyrest alt likt ut.

Eit forrykande godt band, på høgste internasjonale nivå, er Babylon Brothers i alle fall. Og dei spelar utruleg funky og dansbart. Berre så synd at det ikkje lenger er sett av golv til dansing på jazzkveldane i  det som ein gong var Condeep dancing bar. Denne musikken trur eg ikkje fullt ut kan nytast sitjande urørleg på ein stol, då bikkar det lett over i easy listening.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *