I dag var eg i verdsarven, Gudvangen, på veg til og frå Aurlandsvangen og skulen der.Eg svinga nedom Flåm òg, men gjekk ikkje utor bilen. Det gjorde eg heller ikkje nede ved ferjekaien i Gudvangen. I staden stoppa eg på ein kafé utanfor denne «vikinglandsbyen» som dei har laga til der. Ein vikingkafé med norsk mat skilta dei med.
I høve poesidagen. Tankar etter ein kveldstur på Vossevangen og noko eg skreiv etter å ha vore på bokhandelen. Begge tekstane vart først publiserte på Facebook.
Denne veka er eg på Voss, her har eg ikkje vore ofte før, berre nokre få gonger for å spela, eller for å stoppa og ta ein kaffi på gjennomreise, og alltid for å reisa vidare, så snart eg kunne, først gong var med Reidar Brendeland, på ein viseklubb, trur eg, sidan med bluesbandet eg spela i i Bergen, og ein gong med Hovland, Kaldestad og Helleve, best hugsar eg Vossajazz i 1984, då eg hadde eit times program saman med Liverpool-poeten Adrian Henri