Det store gjennombrotet

Vangsvatnet.

Denne veka er eg på Voss, her har eg ikkje vore ofte før, berre nokre få gonger for å spela, eller for å stoppa og ta ein kaffi på gjennomreise, og alltid for å reisa vidare, så snart eg kunne, først gong var med Reidar Brendeland, på ein viseklubb, trur eg, sidan med bluesbandet eg spela i i Bergen, og ein gong med Hovland, Kaldestad og Helleve, best hugsar eg Vossajazz i 1984, då eg hadde eit times program saman med Liverpool-poeten Adrian Henri

og Rolf Tepstad skreiv i Bergens Arbeiderblad at det var høgdpunktet på festivalen det året, men eg både trur og veit at han tok litt for godt i, for det var også året då Stevie Ray Vaughan hadde konsert i kinoen og Steps Ahead var her og Karin Krogh, og eg var berre «ein ukjent visesongar frå Stord» som han skreiv Tepstad, og det har eg halde fram med å vera, endå Nye Takter skreiv frå Voss og håpte at dette var det nasjonale gjennombrotet mitt, noko det sjølvsagt ikkje vart, og det veit alle, men Adrian Henri og eg reiste vidare til Club 7 og Jon Bing sat på bordet nærast scenen og likna på Adrian med håret og skjegget sitt, og sidan kom me til dei raude sjøhusa i Stavanger og der dukka min gode ven Blues’n opp, Helge Barane, og han likna endå meir på den store poeten eg var saman med, men noko gjennombrot vart det aldri, som de alle veit, for då hadde eg ikkje skrive dette som eg har brukt 38 år på å skriva, for etter at Adrian hadde reist heim til Liverpool, reiste eg heim til husværet på Møhlenpris og kjærasten min, og sidan til Stord og jobb i avis og stundom på scenen saman med Hovland og Kaldestad, og Hovland og eg laga plate og vart spela av Harald Are Lund, utan at det gjorde inntrykk på nokon, og eg fekk syngja på ein og annan festival, men oftast på Stord og aldri vart det gjennombrot, og det kan det jo heller ikkje verta når ein aldri får seg til å spørja om eit oppdrag, eller ein gig som dei no seier, men skjemst for å ringa til arrangørar og be seg fram, og få nei i neven eller på epost, om ein då får svar i det heile, og stundom ser ein at dei som eingong var like ukjende som deg, og ville vera saman med deg, får seg namn og oppdrag og finn andre dei heller vil vera med, og aldri meir spør om du kunne tenkja deg ein plass ved sida av dei, så difor held ein seg for seg sjølv i lengste laget og nøyer seg med å spørja dei få arrangørane ein kjenner og som seier ja, og så vert det eit par spelejobbar i året, på Storden, og ikkje gjennombrot, ja, ja, det var vel kanskje det beste, tenkjer eg, eg har no heller aldri likt andre rampelys enn dei små og dempa, og dei scenane som er lengst inne i lokala og som ikkje er bygde korkje for store sprell eller gjennombrot, tenkjer eg der eg sit på ein kafé på Voss og skriv dette som dukka opp gjennom blyantspissen, etter å ha ete fleskepannekaker med bacon frå Evanger og suksessterte og kaffi etterpå, for her på Voss har dei godt med kafear å skriva på, eg trur eg kan gå på minst to nye kafear eller eteplassar per dag, heile veka, før eg må ta til på ny runde, og då har eg ikkje teke med pizza og kebab og slikt som eg styrer unna, viss det ikkje er anna mat å få, og det er det her, all slags mat, fiskegrateng og laks og sushi og kva det måtte vera, burger og tacos, og dei har skikkelege gater her med butikkar og folk som går der og bilar som kjører og dei kallar ikkje eingong Vangen for by, men bygd, endå det er ein småby på alle vis, med fleire hotell og folk frå alle verdas kantar, og ikkje som heime der me kallar oss by, endå me har ingen stader som er det, berre ei gate og tilfeldige hus lagde på rekke her og der, men her har dei bygd også der dei har by og eg drikk opp kaffien, som var nybryggja og god, og går heimover til hotellet gjennom Uttrågata og ikkje Vangsgata som eg gjekk i i går, og eg tenkjer at det er fint her, men kunne eg budd her, eg som ikkje kjører alpint og er livredd for høgder og gondolbanar og alt slikt for noko, kanskje, men ikkje lenge, eg kjenner ikkje lukta av tare og salt sjø og ser ikkje ein måse fyka over Vangsvatnet på leit etter mat, eller ein lastebåt på veg med varer, eller ferja over fjorden, eg ser berre vatnet, heilt stille, som speglar fjella og gardane oppetter lia og skogen og snøenog dei grå skyene på himmelen, og eg ruslar tilbake til hotellrommet og gitaren min og romanen til Jon Kalmann Stefánsson som eg les denne veka, Ditt fravær av mørke, og det er skrivekunst betre enn eg nokon gong kan få til, men eg kan no skriva for det, og syngja og spela, utan det store gjennombrotet, men dei vesle små som eg trivest med, framfor elevar som lyttar på lesinga mi og som sit musestille ein heil time og lyttar, det er no sanneleg eit lite gjennombrot, det òg.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.