Tankar på poesidagen

I høve poesidagen. Tankar etter ein kveldstur på Vossevangen og noko eg skreiv etter å ha vore på bokhandelen. Begge tekstane vart først publiserte på Facebook.

I

Eg likar å lesa dikt. Det har eg alltid gjort. I tidleg ungdom var det Jan Erik Vold, William Carlos Williams, e e cummings, Hans Sande, Ingvar Moe, Oskar Stein Bjørlykke, Stig Holmås, Rudolf Nilsen, Nordahl Grieg, Tor Jonson som eg las mest av. Etter det eg no huskar. Og sidan Olav H. Hauge, etter at eg hadde høyrt han på vise & lyrikkfestivalen i Haugesund. Eg trur eg forstod det meste eg las då, eg likte det godt, klangen i orda, rytmane, rima når dei var der. Eg las Kittang og Aarseth si Lyriske strukturer lenger før eg byrja studera og fekk dei til lærarar. Eg må ikkje gløyma Adrian Henri og The Liverpool Scene, han var ein helt, og sidan vart han ein ven, ein fyr eg fekk stå på scenen med. Eg har stått på scenen med mange diktarar, lyrikarar, Ragnar Hovland, Per Olav Kaldestad, Rune Belsvik, Per Jan Ingebrigtsen og Hans som eg nemnde over. Eg prøvde å skriva dikt sjølv òg, eg skreiv og skreiv og trudde eg skulle få gi ut bok og bli kjent diktar. Men eg forstod det sjølv, og av konsulenttutalar og refusjonar, at dette hadde eg ikkje det minste talent for. Eg var slett ikkje den nye store diktaren, eg var ein av dei altfor mange dårlege. Eg slutta å skriva dikt. Eg slutta å lesa dikt òg, lenge, i 20 åra, etter at eg byrja studera litteratur på Universitetet og prøvde trengja inn i både vanskelege teoriar og dikt som ikkje ville opna seg for meg, og møtte språk eg ikkje kjende meg heime i og kunne bli ein del av. Lyrikk hadde me kalla det, dikt, no var det poesi og lyrikarane skapte seg om til poetar og kledde seg i ord som ikkje høvde meg. Eg kjende meg utestengd,og eg gjer det ofte enno, men eg les dikt, eg kjøper diktbøker, særleg på sal, på somme bokhandlarar kan du kjøpa ein full pose for 100 kroner, er du heldig og poetane uheldige, og då tek eg med meg heim folk eg har lese namnet til og som eg har sett får lovord og prisar, og stundom skjønar eg ikkje kva det er med desse brekte linjene og løgne ordsamanstillingane, og andre gonger skjønar eg ikkje kva meininga er, men eg likar korleis orda og klangane og rytmane er sette saman, og nokon gongar finn eg bøker og dikt som festar seg og fengjer meg og opnar opp litt av same gleda eg hadde då eg var ung og såg Jan Erik Vold lesa på fjernsyn. Ofte er det kvinner eg likar å lesa no. Ruth Lillegraven, Marit Kaldhol, Ingvild Lothe, Linnea Axelsson si store bok Ædnan, og mange fleire som opnar språket sitt også for meg. Og stundom prøver eg på ny og skriva dikt sjølv òg, men eg ser at eg kan det ikkje. Ikkje enno. Eg trur faktisk aldri eg lærer det. Difor er det så fint at me har alle dei som kan det og som viser oss både store verder og samanhengar og små gløtt inn i nye openberringar, eller revner i mørket som lys kan trengja gjennom, som han song diktaren, eller i alle fall noko liknande.

II

Eg var innom ein bokhandel og kjøpte to diktbøker, Louise Glück og Marie Lundquist, ho bak disken hadde lik røyst og dialekt som Ruth Lillegraven, som har gjendikta eine boka, så fint, tenkte eg, og gjekk vidare til kafe Vossevangen og kjøpte fiskegrateng med dessert og kaffi i prisen, sa ho bak disken, som om desserten då er gratis, men det er han ikkje, han er kalkulert inn, saman med kaffien, desserten var riskrem med god raud saus, og fiskegratengen var ein enorm, men velsmakande, porsjon, og då eg hadde ete, og kaffien var blitt pisselunka, las eg litt i Glück sine dikt i Per Petterson si gjendikting, dei kravde litt for mykje av meg, der og då, så eg stappa begge bøkene i taska og gjekk på polet og kjøpte litt vin til å ha på rommet, og ei til å ha med heim, og så las eg i boka som Ruth har gjendikta då eg var kommen på hotellrommet, og dei trefte meg meir direkte, sjølv om dei er svært kvinnelege i ord og røynsler, tykkjer eg, og eg ikkje har kjent denne enorme einsemda, som er i dikta, men kjenner att lengt og sorg etter dei som er farne, og då eg hadde lagt også den boka frå meg, for å ta ho fram att seinare, opna eg ipaden og såg at det er verdas poesidag i dag, og eg som trudde det var i morgon.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.