Vikingmat og verdsarv

I dag var eg i verdsarven, Gudvangen, på veg til og frå Aurlandsvangen og skulen der.Eg svinga nedom Flåm òg, men gjekk ikkje utor bilen. Det gjorde eg heller ikkje nede ved ferjekaien i Gudvangen. I staden stoppa eg på ein kafé utanfor denne «vikinglandsbyen» som dei har laga til der. Ein vikingkafé med norsk mat skilta dei med.

Innsyn mot Flåm

Menyen var komle kvar dag og elles kjøtkaker, lasagne, gulasjsuppe og falafel. Sist eg var på jakt etter mat på desse trakter, fann me ikkje noko som kalla seg norsk mat, og ingen som snakka norsk bak disken. Utanom i Underdalen då, der var det skilt utanfor kafeen som lokka med fjellaure og spekemat med potetsalat. Den austeuropeiske kvinna bak disken, som snakka litt engelsk, kunne fortelja at auren var dei utseld for og potestappa rådde ho oss frå å kjøpa, den var gammal. Ho var i alle fall ærleg. I dag kjøpte eg ein liten porsjon komle hjå ei dame som snakka sognamål og som både hadde surmjølk og sirup attåt komla, slik det skal gjerast. 

Eg togg og tenkte på resten av vikingmenyen, kjøtkaker, gulasj, lasagne og falafel. Fuglane veit, kanskje åt dei slikt, vikingane, på ferdene sine til Miklagard og Gardarriket. Kjøtkaker er jo, etter det eg har fått vita hos min ven historiedoktoren, i alle fall dei svenske kjøtbullarne, inspiererte av tyrkiske köfte, som svenske soldatar lærte å laga i Konstantionpel i ein eller annan krig, og Konstantinopel er jo vikingane sin storby, Miklagard. Om norske kjøtkaker kom over Kjølen frå Sverige, seier denne soga inkje om, men ei anna soge seier at dei kom frå Danmark på 1800-talet, og det betyr at ikkje så mange generasjonar mødre har laga slike kaker, og dei laga i alle fall ikkje brun saus til, for det også er ei ganske ny oppfinning. I alle fall som kvardagsmat.

Men åt vikingane tyrkiske kjøtkaker, så åt dei vel kanskje også falafel, som er boller laga av kikertermjøl, og godt kan gå for å vera vegetar-kjøtkaker om ein legg godviljen til, så om det skulle no ha vore ein veganviking, så kanskje han knaska i seg ein falafel i eit pitabrød, men chilli var det ikkje i brødet, for den fanst ikkje i Miklagard, den kom over Atlanteren med dei spanske erobrarane og øydeleggjarane og drapsmennene som saman med gull og glimesteinar, dei hadde rana frå ur-amerikanarane, også hadde med seg tomater, poteter, kakao, chilli, tobakk og litt av kvart anna som no går rett inn i det norske kosthaldet. Komle, t.d., som er det mest heilnorske av alt, kan jo ikkje lagast utan amerikansk potet.

Og gulasjsuppa som viking kafeen byr på, den har sitt opphav i Ungarn. Ja, det er den ungarske nasjonalretten, som er sett saman av kjøt, krydder og tomatsaus, chilli og paprika frå Amerika.  Men rett skal vera rett, den milde paprikaen er  odla fram i Ungarn frå chilli. Vikingane som var i Gardarrike, svinga kanskje ein tur nedover Donau til Budapest òg, men gulasjsuppe fekk dei ikkje, i alle fall ikkje slik dei lagar gulasjen i dag. Så då står me att med lasagnen, då, italiensk pastarett med tomatsaus, kjøtdeig og pastaplater, laga av kveite og truleg ei vidareføring av nudlene som italienske handelsmenn hadde med seg frå Kina, lenge etter at Vikingane hadde herja innover Middelhavet på veg til Miklagard og Jorsal.

Det einaste på menyen som kan ha vore servert til vikingane, må vera salt fårekjøt og korv, og gulrot og kålrabi, for slike grønsaker åt dei nok.

Kålrabi gav folk frå nord c-vitamin i kalde, mørke vintrar. Nordens appelsin, som han er kalla, og appelsin det tyder forresten eple frå Kina, slik fersken, eller persika som svenskane seier, er eple frå persia, men det er ei heilt anna forteljing. Konklusjon, norsk mat finst ikkje, mat er internasjonalt, komle finst over alt der dei kan balla saman mjøl og poteter, amerikanske bær, frukt og krydder har smakssett heile verda og folk tek med seg oppskrifter, smakar og liker og lyster  og blandar alt i hop. Der har du verkelege verdsarv, maten, måltida, dei nasjonale rettane som eigentleg ofte er internasjonale.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.