Folketal, bustader og planlegging av framtida


I den nyleg vedtekne samfunnsdelen av kommuneplanen, som i stor grad handlar om disponering av areal til bustader, næring, jordbruk o.l. går det fram at både politikarar og administrasjon ventar ein vekst på 1 prosent av folketalet kvart år, fram mot 2050. Eg har prøvd å rekna på det, og komme fram til at det i så tilfelle vil vera om lag 25000 stordabuar når den tid kjem, og det utan at me har lagt under oss Fitjar kommune.
I Statistisk Sentralbyrå (SSB) si folketalframskriving reknar ein med at det berre er 19500 stordabuar i 2050, altså, så godt som inga auke i folketalet i det heile.

Her på Hystadgardane er det planlagd 300 bueiningar.

https://www.ssb.no/kommunefakta/stord
På møtet i kommunestyret der delplanen vart vedteken, møtte eg for første gong som fast medlem. Eg tok mot til meg og spurde kommuneleiinga kva dei veit om folketalsutviklinga som ikkje SSB veit, sidan dei reknar med den store auken. Har de anna talgrunnlag, eller er dette berre håp og ønskedraumar? spurde eg. Eg såg nokre smilte, kvifor er eg ikkje sikker på. Men svaret eg fekk var kort og greitt. Dei veit ikkje noko, dei planlegg for slik auke. Eller, med mine ord, dei håpar. Berre ein politikar kommenterte innlegget mitt. Høgre sin førstemann, Øyvind Kyvik, sa at dei vil leggja til rette for at folk ville flytta til og bu på Stord, dei. Og på det viset skjøna eg at folketalsdraumen skulle bli røyndom. Ved å leggja til rette.

Mange ledige hus i vente
Eg spurde ikkje om dette for å terga planleggjarane, sjølv om det kanskje kan verka sånn. Eg meiner at dette er ganske viktig når ein skal planleggja for framtida, kor stor del av arealet som skal gå til nye bustader i vår ganske geografisk vesle og kompakte kommune. Det er klart at 5000 menneske krev meir plass enn 500. Om me reknar med tre personar per husstand, treng dei kanskje 1700 hus eller husvære. Ikkje 1700 nye bustader, men 1700 totalt. Reknar me med 500, treng dei då berre 170. Det er litt fleire enn talet på eigedomar sals på Stord på Finn.no når eg skriv dette.
Den omstridde utbygginga på Hystadgardane skal etter gjeldande plan gi kommunen 300 nye bustadeiningar. Berre dette dekkjer trongen til bustader i meir enn 30 år etter SSB sine tal.


Eg bur i bustadfeltet sør for Hystadgardane. Storhaug/Liarstøl vart bygd ut på 80/90-talet. Eg veit ikkje kor mange hus som er her, men eg veit at storparten av oss som bur i husa er godt vaksne. Me er vel over 60 dei fleste, og mange meir enn det. I alle fall, må me innsjå at om me vil eller ikkje, så er me på veg ut av både husa våre og tida innan relativt oversikteleg framtid. Det vil bli nokre ledige hus her då. Og slik er det vel også i andre bustadfelt, og i dei mange husværa som er komne til langs kaikanten på Vikjo; mange gamle folk, mange ledige bustader om relativt få år.

Mangfald eller einsretting
Bustadfelta som voks fram på åtti/nitti-talet var strengt regulerte av kommunen, med natur og skog og grøne område, og mange, truleg dei fleste, av tomtene selte direkte til husbyggjar. No er det vel helst slik at det er private entreprenørar som regulerer og byggjer ut, med kommunen si velsigning, og byggjer slik dei vil og tek dei prisane dei kan få. Store område, også tidlegare jordbruksareal, vert planerte, skog og alt som kunne minna av natur vert fjerna, og like hus på rekkje og rad sette opp. Og dersom etterspurnaden ikkje er stor nok, vert planert og omdisponert LNF -område liggjande brakk og overlate til løvetann og grastustar.
Sjølvsagt treng me nye hus, men om me tenkjer miljø, utslepp og arealbruk er det best å bruka om att dei gamle, og gjerne byggja dei om, eller vida dei ut. Ja, det kan til og med vera plass til fleire bueiningar i gamle hus, om det vert lagt til ein etasje eller fløy. Eg meiner at kommunen medvite og planmessig skal stimulera til gjenbruk, ikkje berre av plast og papir, men også av hus og eigedom.
Eg meiner at folk som byggjer nytt i større grad skal få høve til å kjøpa tomt og byggja slik dei sjølv vil, og då kanskje få eit arkitekturmessig større mangfald enn det me ser i desse grå, einsretta byggefelta som poppar opp.
Skal me stola på SSB treng me ikkje mange fleire byggjefelt på lenge. Skal me tru på kommuneplanen sine draumar treng me nokre fleire, men kor mange veit ingen. Det som er sikkert at om det vert 5000 fleire stordabuar, så treng ikkje alle desse nye hus, så lenge det finst gamle hus og husvære som vert ledige. Etter mitt syn må me leggja til rette for nybygging etter verkelege behov, og ikkje etter kva draumar og stordomstankar politikarar har for Stord i framtida.

Stabilt folketal i ti år
Og så heilt til sist. Ein prosent auke per år, altså. Korleis er den faktiske ståda. Frå 2000 til første kvartal 2022 har folketalet auka frå 16 144 til 18 929. Dei siste åra har folketalet vore relativt stabilt, men litt opp og ned. Særleg auke har det ikkje vore på ti år. Korleis framtida vert veit ingen. Me veit likevel at det ikkje lenger er så god tilgang på arbeidskraft frå Aust-Europa, og kan difor venta lita tilflytting frå dei kantar. Me veit òg at oljealderen snart er over, og at utbygging av vindmøller til havs er svært så usikre og sterkt subsidierte underskotsprosjekt. Så korleis industrien me støttar oss så sterkt på vil utvikla seg framover, er svært uvisst, og difor også arbeidsplassar og folketal.
Dei med store folketalsdraumar, er ofte dei same som lengtar etter motorvegar og bruer rett inn til storbyane og arbeidsplassane i nord og sør. Det vil også gjera det lettare å jobba på Stord, men bu i kommunar med lågare bustadprisar. Det gjer det også lettare for flyttebilane å køyra frå Stord og ikkje berre til. Flyttebilar kan som kjent køyra begge vegar, me veit ikkje no kva veg dei vil velja.
Det er heilt openbert at planar for framtida må leggjast, og at ein i planlegginga både må bruka fakta, framskrivingar og ønskedraumar. Men ein må også vera realistisk. I dag må ein også heile tida ta vernet om klima, miljø og naturmangfald med i både planlegging og ønsketenking. Me kan ikkje berre leggja alt under asfalt eller tak. Kva var det dei sa før; du skal setja tæring etter næring. Det må også no gjelda tæring på natur, miljø og ubygd areal. Dyrkbar jord skal vernast. Det må også gjelda for omdisponert jordbruksområde, som enno ikkje er bebygd.
Etter spørsmålet mitt i Stord kommunestyre, fekk eg i pausen vita av oppglødde representantar frå kommuneleiinga, at no var trenden snudd, i år var det god auke i folketalet. I følgje SSB auka folketalet på Stord med 10 personar i første kvartal. Det er lenge til prosenten er nådd.

Stord 22.06.22
Atle Hansen
Kommunestyrerepresentant for Stord SV

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.