Gripande om eit ekteskap, kjærleik og død.

Den nyleg utkomne romanen Arvid, Anna og Aud, er etter denne meldaren sitt syn den beste  romanen hans til no. Handlinga i denne romanen er og lagt til Sunnhordland, men den kunne ha gått føre seg kor som helst.

Atle Hansen: Arvid, Anna og Aud

Roman

Kapabel Forlag 2022

132 s

Atle Hansen har nettopp kome med ein ny roman; Arvid, Anna og Aud                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                              Frå før har han gjeve ut 6 vaksenromanar og 18 barne- og ungdomsbøker.  Han er dessutan kjend som ein dugande låtskrivar og trubadur.

            Debutromanen hans for vaksne, Sargasso (2003), er ei kjærleikssoge  om korleis foreldra hans møtte kvarandre, og korleis liva deira vart. I fjor gav  Hansen ut romanen Han som vart att som handlar  om utviklinga i regionen dei siste 50 åra og korleis menneska der har takla den.

Den nyleg utkomne romanen Arvid, Anna og Aud, er etter denne meldaren sitt syn den beste  romanen hans til no. Handlinga i denne romanen er og lagt til Sunnhordland, men den kunne ha gått føre seg kor som helst. Romanen er ei stillferdig forteljing om ekteparet  Arvid og Anna, om kjærleik, lyst og lengt, sjalusi og otta for å mista den ein elskar. Romanen handlar og om kommunikasjon eller mangel på det.  

Då vi møter Anna og Arvid, er dei pensjonistar, men dei lever  i ein slags form for harmoni med kvarandre heilt til Aud flyttar til bygda. Det oppstår ei spenning mellom Arvid og Anna etter at Arvid ei kveldsstund var på besøk hos Aud. Dette besøket vågar ingen av dei å snakka om.

Trekantforhold er eit vanleg motiv i litteraturen, og det krevst god skrivekunst for  å få dette motivet gjort truverdig og originalt. I denne romanen lukkast Hansen med nettopp det. Styrken i Arvid, Anna og Aud ligg ikkje i sjølve forteljinga, men korleis forteljinga vert fortalt. Forteljinga om ekteparet og Aud er vevd inn i teksten der Arvid går frå naustet til huset deira etter ein fisketur. Romanen byrjar ved naustet og sluttar då Arvid  kom inn i huset. Gjennom heile spaserturen opp til huset, vert det gjennom retrospeksjon fortalt om Arvid, Anna og Aud.

 Romanen gir assosiasjonar til Jon Fosse; spesielt romanen Morgon og  kveld utan at det  vert påfallande. Sjølve   forteljemåten har mange likskapar med Fosse. Same hendinga kan bli fortalt fleire gonger, men med ulike perspektiv. Som Fosse skriv Hansen lange parti utan teiknsetjing. Desse partia fungerer som ein tankestraum og skapar variasjon, spenning og tempo i framstillinga. Barna til Arvid og Anna vert ikkje omtala med namn, men som Guten og Jenta som Fosse gjerne gjer. Hansen nyttar seg og av lokale ord og uttrykk som gjev forteljinga autensitet.

            Arvid Anna og Aud er ei gripande forteljing  om eit  ekteskap, kjærleik  og død. Miljøet er sunnhordlandsk, men motiv og tema er universelle. Hansen har greidd å lyfta det regionale over på eit allment plan og skapa levande og truverdige personar,  fortalt på ein original måte. Slikt vert det god litteratur av.  

Arne Sunde

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.