Tankar etter ein haust i kommunestyret

Dette er ein historisk dag for meg. Eg skal møta i Stord formannskap for første gong, innkalt som vara langt nede på lista. Det kan skuldast at det berre er to politiske saker som skal opp, og ingen av dei er kontroversielle. Den eine er språkbruksplan for dei tilsette i kommunen. Den tykkjer eg er viktig, og den vert det synda mot dagleg, men sidan det «berre» handlar om språk, får det ingen konsekvensar og eg har ikkje høyrt andre enn meg ta opp språkbruken i saksframlegg og andre kommunale papir. 

Denne hausten har eg vore fast møtande representant i Stord kommunestyre, etter å ha vore 1. vara sidan førre val. Det har vore ein lærerik haust. Då eg tok ordet og gjekk på talarstolen dei første gongane, var eg nervøs og usikker og dei velformulerte setningane eg hadde i hovudet, stokka seg i munnen min og ville ikkje seiast slik dei var tenkte. Eg gjekk ned og sette meg vonbroten og klar for å gi meg i politikken snarast råd. 

Men det har gått seg til utover hausten, og no er eg berre litt nervøs før eg tek ordet med «Takk, ordførar ….», noko eg har lært at eg skal seia ved å høyra på andre, også at eg skal seia representanten Litleskare og ikkje Fredrik t.d. For eg vart som 1. vara ikkje innkalla til kurs for nye folkevalde, då det vart halde, og må difor finna ut av alt sjølv.

Eg tel framleis på knappane og er ikkje heilt overtydd om at eg skal stå på lista til neste kommunestyreval, men eg likar meg betre i salen no. Og eg kjenner meg velkommen der både av min gode gruppeleiar Hilde H. Hauglid, men også av dei andre representantane frå politikk og administrasjon, og ikkje minst av høgregjengen eg deler «benk» med på andre rada. Trivelege folk som eg sterkt usamd med i mykje, men ikkje i alt. 

Det er slik det er i det verkelege politiske livet. 

Me er usamde i mykje av det grunnleggjande, men i konkrete saker kan me semjast likevel. Ja, det er faktisk ganske fint å sitja i salen og oppleva når folk finn fram til felles løysingar, og det er endå finare å oppleva den gode tonen som er mellom representantane som oftast. Og humoren som også er der. For sjølv om alt går føre seg høvisk og etter reglar og etikette, så er det tidt og ofte at nokon får folk i salen til å smila eller le, sjølv om dei ikkje er samd i det den dei ler av seier. Då vert det litt språkleik frå talarstolen, og litt kjappe replikkvekslingar, og det likar eg godt både å høyra på, og å vera ein del av.

Eg valde å melda meg til politisk arbeid, då eg slutta som journalist. Hadde eg hatt annan jobb, ville eg gjort det tidlegare. Det tek tid å komma inn i dette, det tek tid å læra seg det politiske handverket, det tek tid å setja seg inn i alt ein faktisk må setja seg inn i, og det tek litt tid å kjenna seg trygg og våga å bidra, også i si eiga partigruppe, når ein sit saman med folk som har drive med dette i fleire tiår og kan si kommunalpolitiske historie. For same kva det trur, eg har aldri likt å ta ordet i store forsamlingar, eller å stikka meg fram, eg likar å opptre, men då er eg artist og ikkje meg sjølv. Som politikar er eg både meg sjølv, ein representant for eit parti og ein tillitsvald av veljarane mine. Det er noko heilt anna, og mykje større enn å stå med ein gitar å syngja viser.

Nesten kvar dag les eg på nettet, særleg Facebook, at folk kallar politikarar for sleipingar, skurkar, idiotar, folk som ikkje forstår noko, som berre kavar for seg sjølv, som me ikkje har bruk for, som ein ikkje kan ha tillit til osb. osb. osb. Og det som mykje verre er.

Aldri, har eg sett nokon av dei som skriv dette på eit politisk møte, på ei liste til noko val eller aktive i samfunnslivet elles. Dei sit heime og kritiserer og slengjer drit, og trur nok at dei bidreg til eit betre samfunn på den måten.

Eg kan ha sagt liknande sjølv om politikarar eg er usamde med, at dei er nokre kunnskapslause, arrogante tullingar. Eg ser ikkje vekk ifrå det. Og nokre er nok kan henda også kunnskapslause, arrogante tullingar, for det eg veit. Det er dei som veit minst om sakene dei uttalar seg om, og difor er mest skråsikre på at dei har rett. For, som kjent, er det ofte slik at di meir du veit om ei sak, di mindre skråsikker vert du på dine standpunkt og til slutt kan det henda at du forsvarer standpunktet av rein vane, rutine eller prinsipp – eller fordi det står i partiprogrammet.  

Men, likevel, det har eg i alle fall lært som kommunepolitikar på andre rad, dei som tek på seg denne oppgåva for fellesskapet er svært sjeldan kunnskapslause, arrogante og maktsjuke tullingar. Dei er faktisk stort sett hyggjelege folk som gjer sitt beste for å fremja den politikken dei trur på er rett for å skapa eit godt samfunn for alle. Også for dei som kallar dei idiotar og sleipingar som ingen kan festa lit til.

Neste haust er det nytt val til kommunestyret, dei fleste partia er ferdig med sine nominasjonar, så det kan vera for seint å melda seg som listekandidat no, men eg er sikker på at alle parti vil ha både glede og nytte av at at fleire melder seg for å delta i det daglege lagsarbeidet, til å stå på stands, fremja partiet sin politikk og til å delta på gruppe- og medlemsmøte og skapa partiet sin politiske plattform.

Det er mykje betre at du gjer det, enn at du sit heime og slengjer drit i dei som faktisk tek ansvar, meiner eg, og legg snøgt til at eg personleg til no ikkje har merka slik dritslenging frå nokon kant. Det kan tyda på at eg er for lite synleg.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.