Ei tragisk hending har for andre gong vore oppe til handsaming i retten. To kompisar hamnar i krangel i fylla, dei slåst, den eine vert slått til døde. Han som slår er for andre gong dømt for vald med døden til følgje. Men treng me vita alt om det som hende den tragiske natta for å skjøna kor frykteleg det er?
Alle innlegg av Atle Hansen
To gode bøker av Bjørn Ingvaldsen
Oddingen Bjørn Ingvaldsen er ute med si 49. bok i desse dagar, ”Lydighetsprøven”, samstundes som ”Far din” frå i fjor er nominert til Nordisk Råd sin pris for beste barne- og ungdomsbok. Eg har lese begge to, og det rår eg sterkt andre til å gjera òg. Det er sterk og rystande lesing, forteljingane tek tak i deg og skakar deg og får deg både til å kjenna sinne, sorg og varme.
Mange tusen første dagen
Mange tusen første dagen
Overraskande mange var innom Storden laurdag.
Les meir om Mange tusen første dagen
Eit handtrykk og to vekke
Eg har ein gong lese at eit kvart menneske på jorda aldri er meir enn tre-fire handtrykk frå kven som helst stor kjendis i heile verda. Alle har helsa på nokon som kjenner nokon, som har helsa på einkvan som er veldig kjent.
Svigerfar min t.d. har både møtt den norske kongen og den store skeisekongen Jevgenij Grisjin – og tenk dykk berre kven desse to karane har helsa på. Og eg har ein slektning som kjenner Liam Neeson og då har du det verkeleg gåande. Kven har vel ikkje han møtt av filmstjerner – og ikkje berre møtt.
Verda er ikkje stor, som me seier, og ho kjem ganske mykje nærare viss du tenkjer slik. Me er berre nokre handtrykk frå kvarandre alle saman.
Og det er ikkje berre popstjerner, filmheltar og storpolitikar dette gjeld. Tre handtrykk vekke og du er langt på andre sida av verda, i dei flottaste salar, blant dei mektigaste av dei mektige, eller i djupe skogar, mørk jungel, opne hav, eller store slumområde med sjukdom og elende.
Det er ganske fantastisk å tenkja på.