Stord jazzklubb tok initiativ til eit samarbeid mellom Stord kulturskule og den mangfaldige og stadig søkjande og utforskande hallingen Terje Isungset. Eit meir vellukka samarbeid mellom ein profesjonell kunstnar, skule og elevar enn «Til naturen» har eg aldri vore vitne til.
Eg les at det vert sunge mindre i norske skular no, ja, at songen beint fram er på veg ut av skulen. Har dei gløymt den evige sanninga at å lesa og skriva og rekna er bra, men å få syngja litt, det gjer deg glad?
Ein skal ikkje vera redd for å vedgå feiltrinn, og å be om orsaking for dei. I løpet av helga har eg skjøna at å skriva om kva assosiasjonar Arbeidsarskulpturen framfor Stord rådhus gir meg, ikkje var særleg lurt.
Her kan de sjå bilete av skulpturane i friluft på Stord.Å smykka ut det offentlege rommet på Stord fører alltid til protestar, motstand, avisinnlegg, underskriftsaksjonar, spitord og spott og uthenging av både kunst og kunstnarar.
Det slår nesten aldri feil, anten det gjeld den stakkars uskuldige spruten på rundingen – som i si tid vakte ramaskrik, og som mange meinte ville gå utover pleietilbodet i kommunen – eller Sissel Tolaas sin skulptur «Storddør» som ifølgje folk var den styggaste og mest meiningslause samlinga av skrot nokon hadde sett. Les meir om Ikkje vis meg noko eg ikkje forstår!→