Kategoriarkiv: Biletkunst

Møteplass, scene og fargerik skulptur

 

Kunstnaren Anders Kjellesvik seier at han får mykje ros og godord frå folk som kjem bort og preiker med han på torget. For tida ferdigstiller han både den omstridde skulpturen og er med og monterer Statens høstutstilling i Oslo. Han er sjølv juryleiar for utstillinga.

– Dette er ikkje berre ein skulptur, det er ein liten scene og eit lite amfi til å sitja i. Ein stad å treffast og kanskje ha små møte, seier Anders Kjellevik då eg uroar han i ferdigstillinga av den omstridde skulpturen «Den høgreiste og havet» på Leirvik torg.

Les meir om Møteplass, scene og fargerik skulptur

Ikkje vis meg noko eg ikkje forstår!

Her kan de sjå bilete av skulpturane i friluft på Stord.Å smykka ut det offentlege rommet på Stord fører alltid til protestar, motstand, avisinnlegg, underskriftsaksjonar, spitord og spott og uthenging av både kunst og kunstnarar.
Det slår nesten aldri feil, anten det gjeld den stakkars uskuldige spruten på rundingen – som i si tid vakte ramaskrik, og som mange meinte ville gå utover pleietilbodet i kommunen – eller Sissel Tolaas sin skulptur «Storddør» som ifølgje folk var den styggaste og mest meiningslause samlinga av skrot nokon hadde sett. Les meir om Ikkje vis meg noko eg ikkje forstår!