Ufatteleg velspela konsert i Stord jazzklubb i går kveld. Tor Yttredal hadde teke med seg saxofonane og eit stjernelag med tre av landets beste improvisatørar og samspelarar. Impressions Quartett har han kalla bandet. Eit altfor veikt namn for ein slik utrykksfull gjeng.
Kategoriarkiv: Musikk
Kviskringar og rop
Eg hadde ikkje høyrt Torun Eriksen før. Namnet hadde eg fått med meg. Ikkje musikken. Det har eg gjort no. Det vert ikkje siste gongen.
