Eg trur på mangfald, medverknad og deltaking,
og at det skal vera plass til alle
i eit ope demokratisk samfunn.
Eg trur på likskap, rettferd og menneskeverd,
solidaritet, samarbeid og samkvem
og at alle skal nyta godt av fellesgoda. Les meir om Dette trur eg på
Kategoriarkiv: Politikk
Eg skal gjera mitt aller beste
Om ei veke frå i dag, veit eg om eg har fått plass i Stord kommunestyre. Går valet slik meiningsmålingane tyder på, gjer eg det. Eg står på kumulert 3. plass på Stord SV si liste og partiet har fire inne i denne perioden. Eg er så smått byrja bu meg på mitt nye tilvære, og eg både gler meg og kvir meg. Les meir om Eg skal gjera mitt aller beste
Klar til å ta mi vakt
Eg trur det må ha vore eit anfall av eufori, at eg var uvanleg oppstemt og lett til sinns og hadde fått ei ikkje heilt daglegdags tru på meg sjølv og framtida, for då eg hadde vore med på den store folkefesten som starta med avduking av Den høgreiste på Leirvik torg og sidan heldt fram med Storapride, der tusenvis av glade folk gjekk i tog for å feira mangfaldet til menneskeslekta, og like mange stod langs ruta og smilte til oss, og eg hadde gått saman med yngre musikarvenner og sunge All You Need Is Love, endå eg ikkje likar The Beatles, så då eg etterpå gjekk opp Borggata, passerte eg Sosialistisk Venstreparti sin stand og eg sa at til kommunevalet neste år kunne dei godt setja meg opp på lista. Les meir om Klar til å ta mi vakt