Kategoriarkiv: Slik eg ser det

Å fiska for fellesskapet

 
 
Eg les den islandske, uvanleg gode, forfattaren Jón Kalmann Stefansson sin roman «Omtrent på størrelse med Universet», eit framhald av «Fiskene har ingen føtter», dei handlar om to gutar sin oppvekst i Keflavik i handre halvdel av førre hundreåret. Det er bøker om venskap, popmusikk, seksualitet, litteratur og sterkje kjensler, men og om slekta, om moderne islandsk historie, om fattige fiskarbønder på Islands vêrharde og ugjestmilde austkyst. Ein av dei er den legendariske fiskarbasen Oddur som fiskar for fellesskapen, som fiskar for at den unge staten Island skal kunna byggja skular, sjukehus og vegar. Ikkje minst vegar, slik at folk kunne komma seg over fjella, frå fjord til fjord, frå eine bygda til den andre, utan å risikera å frysa i hel i snøstormane om vinteren, slik at også dei som budde ute på småstadene skulle kunna kjøra bil, skulle kunna ta del i moderne teknologi og samfunnsutvikling, slik at alle fekk dela samfunnsgodene og framtida.
 

Les meir om Å fiska for fellesskapet

Valevågen – om mogeleg endå verre

Heile området frå Hystadøyane til Hovaneset må vernast mot utbygging, men å byggja ferjestø i Valevågen er om om mogeleg eit endå dårlegare alternativ enn Sævarhagsvikjo. Der er det først og fremst båthamna som får tida, i Valevågen er det den eineståande naturen og miljøet rundt.

Valesundet.

For mange år sidan fortalde Isak Grov meg at Valevågen er ein av dei gamle kastevågane, der det vart kasta brisling i gamle dagar. Han fortalde også at straumtilhøva kring Hystadøyane hadde endra seg svært etter at Leirvik Sveis, som det då heitte, fekk byggja kai langs vestsida av vågen, noko som gjorde at garna hans no rann fulle av skit. Les meir om Valevågen – om mogeleg endå verre

Ikkje vis meg noko eg ikkje forstår!

Her kan de sjå bilete av skulpturane i friluft på Stord.Å smykka ut det offentlege rommet på Stord fører alltid til protestar, motstand, avisinnlegg, underskriftsaksjonar, spitord og spott og uthenging av både kunst og kunstnarar.
Det slår nesten aldri feil, anten det gjeld den stakkars uskuldige spruten på rundingen – som i si tid vakte ramaskrik, og som mange meinte ville gå utover pleietilbodet i kommunen – eller Sissel Tolaas sin skulptur «Storddør» som ifølgje folk var den styggaste og mest meiningslause samlinga av skrot nokon hadde sett. Les meir om Ikkje vis meg noko eg ikkje forstår!