I dag var eg i verdsarven, Gudvangen, på veg til og frå Aurlandsvangen og skulen der.Eg svinga nedom Flåm òg, men gjekk ikkje utor bilen. Det gjorde eg heller ikkje nede ved ferjekaien i Gudvangen. I staden stoppa eg på ein kafé utanfor denne «vikinglandsbyen» som dei har laga til der. Ein vikingkafé med norsk mat skilta dei med.
Les meir om Vikingmat og verdsarvKategoriarkiv: Ymse
Det store gjennombrotet
Denne veka er eg på Voss, her har eg ikkje vore ofte før, berre nokre få gonger for å spela, eller for å stoppa og ta ein kaffi på gjennomreise, og alltid for å reisa vidare, så snart eg kunne, først gong var med Reidar Brendeland, på ein viseklubb, trur eg, sidan med bluesbandet eg spela i i Bergen, og ein gong med Hovland, Kaldestad og Helleve, best hugsar eg Vossajazz i 1984, då eg hadde eit times program saman med Liverpool-poeten Adrian Henri
Les meir om Det store gjennombrotetVelspelt, dansbart og littegrann glatt
Staffan William-Olsson var tilbake på Stord laurdag, Denne gongen hadde gitaristen med seg sitt eige band, Babylon Brothers, og eigne låtar i amerikansk vestkyststil.
Les meir om Velspelt, dansbart og littegrann glattGid, så skjønt, altså
Mykje rart å lesa i avisene. Sunnhordland hadde nyleg ein forvitneleg sak om fiskane i Vannverket (ein gammal, verneverdig men dårleg demning like ved Leirvik sentrum). Der sym det tre store koiar/karper og truleg ein del småaurar. Noko som uroar menn med omsut for skjønne små fiskar.
Les meir om Gid, så skjønt, altså