Kategoriarkiv: Ymse

Pianotrio med flygel til lunsj

Flygel til lunsj, er ein finfin konsertserie som er skapt og gjennomført av pianisten Marita Kjetland Rabben. Eit par gongar i året kjem ho heim til Stord saman med framifrå musikarar og songarar og eit repertoar sett saman av kjent og kjært frå dei klassiske musikksjangrene og epokane.

Fiolinist Hilde Kolstad Huse og cellist Åge Kvalbein spela i trioen saman med Marita Kjetland Rabben.
Les meir om Pianotrio med flygel til lunsj

Ei røyst frå mindretalet

Vår politisk konservative lokalavis har publisert to gallupar som støttar opp om avisa sitt eige syn. Men skal dette påverka mitt val av politisk parti? Skal eg ta omsyn til fleirtalet, meir enn eg tek omsyn til mitt eige syn på samfunn, miljø og natur og samanhengane i verda? I år har eg vore litt i tvil om kven som bør få røysta mi, eg er medlem i SV, men ikkje alltid samd i det partiet meiner i ulike saker, men det er likevel det partiet eg er minst usamd med. Det har med samfunnssyn å gjera. Det har med heilskap og med samanhengar.

Sunnhordland fortel meg at eg er i mindretal. Fleirtalet på Stord vil ha Hordfast. Fleirtalet på Stord vil halda fram med oljeleiting og utvinning. Eg tvilar ikkje på at dette stemmer.  Sjølv om eg veit at slike undersøkingar ikkje alltid skal takast for god fisk. Ein bør i alle fall vita kva svaralternativa var, korleis spørsmåla var stilte, kven som formulerte spørsmåla og korleis ein valde ut dei tilfeldig utvalde. 

Les meir om Ei røyst frå mindretalet