Då eg kom til Stord i 1970, snart 16 år gammal, for å gå på gymnaset, flytta eg på hybel hjå onkelen min på Horneland. På veg heim frå skulen kunne eg handla mat anten i butikken på Tveita eller på Horneland, eller svinga nedom til Jonas Eldøy i Kårevik. Då heile familien flytta hit året etter, til rekkehus på Ørehaug, var det to butikkar på Rommetveit, ein på Haga, på Hystad var det kolonial, bakeri, meieriutsal m.m.. Sagvåg hadde fleire butikkar. På Bjelland butikkar og bakeri. I Leirvik kunne ein velja mellom mange stader å handla mat, og elles få det meste ein trong.
Rådmannen har lagt fram sak om motorvegtrassé gjennom Landåsen. Saka skal opp i kommunestyret 22. juni og formannskapet denne veka. Her vert konsekvensen av firefelts motorveg gjennom Landåsen vurdert som å vera svært negativ, eller stor negativ som det står i saka. Det same gjeld for nærmiljø og friluftsliv. Same kva av dei to alternativa til vegtrassé som vert vald, så vert konsekvensane svært store.
For fire år sidan stilte eg for første gong til val til kommunestyret i Stord. Eg stod på 3. plass på SV si liste. Det var også den plasseringa eg fekk då røystene vart telte opp. Me fekk to inn i kommunestyret. Eg vart første vara, både til kommunestyret og til utvalet for rehabilitering, helse og omsorg, som i nyspråk vert kalla berre RHO. Etterkvart rykte eg opp til fast representant i kommunestyret og har møtt meir eller mindre fast i RHO òg.
Det har vore lærerike år. Eg har både lært om kommunepolitikk og kommunal administrasjon, om planar og økonomi, og fått sjå andre politikarar og parti sine synspunkt på nært hald. Eg har måtta bryna mine eigne tankar og vurderingar, eg har måtta gå på gruppemøte i mitt eige parti, noko eg aldri har gjort før, eg har måtta lesa sakspapir som ikkje alltid er like spennande og godt formulerte, og gjort anna som følgjer med oppdraget som representant i kommunestyret. Ikkje alt har vore like spennande, men det har vore lærerikt.
Dette er ein historisk dag for meg. Eg skal møta i Stord formannskap for første gong, innkalt som vara langt nede på lista. Det kan skuldast at det berre er to politiske saker som skal opp, og ingen av dei er kontroversielle. Den eine er språkbruksplan for dei tilsette i kommunen. Den tykkjer eg er viktig, og den vert det synda mot dagleg, men sidan det «berre» handlar om språk, får det ingen konsekvensar og eg har ikkje høyrt andre enn meg ta opp språkbruken i saksframlegg og andre kommunale papir.