Den nyleg utkomne romanen Arvid, Anna og Aud, er etter denne meldaren sitt syn den beste romanen hans til no. Handlinga i denne romanen er og lagt til Sunnhordland, men den kunne ha gått føre seg kor som helst.
I den nyleg vedtekne samfunnsdelen av kommuneplanen, som i stor grad handlar om disponering av areal til bustader, næring, jordbruk o.l. går det fram at både politikarar og administrasjon ventar ein vekst på 1 prosent av folketalet kvart år, fram mot 2050. Eg har prøvd å rekna på det, og komme fram til at det i så tilfelle vil vera om lag 25000 stordabuar når den tid kjem, og det utan at me har lagt under oss Fitjar kommune. I Statistisk Sentralbyrå (SSB) si folketalframskriving reknar ein med at det berre er 19500 stordabuar i 2050, altså, så godt som inga auke i folketalet i det heile.
I dag var eg i verdsarven, Gudvangen, på veg til og frå Aurlandsvangen og skulen der.Eg svinga nedom Flåm òg, men gjekk ikkje utor bilen. Det gjorde eg heller ikkje nede ved ferjekaien i Gudvangen. I staden stoppa eg på ein kafé utanfor denne «vikinglandsbyen» som dei har laga til der. Ein vikingkafé med norsk mat skilta dei med.
I høve poesidagen. Tankar etter ein kveldstur på Vossevangen og noko eg skreiv etter å ha vore på bokhandelen. Begge tekstane vart først publiserte på Facebook.