Ei røyst frå mindretalet

Vår politisk konservative lokalavis har publisert to gallupar som støttar opp om avisa sitt eige syn. Men skal dette påverka mitt val av politisk parti? Skal eg ta omsyn til fleirtalet, meir enn eg tek omsyn til mitt eige syn på samfunn, miljø og natur og samanhengane i verda? I år har eg vore litt i tvil om kven som bør få røysta mi, eg er medlem i SV, men ikkje alltid samd i det partiet meiner i ulike saker, men det er likevel det partiet eg er minst usamd med. Det har med samfunnssyn å gjera. Det har med heilskap og med samanhengar.

Sunnhordland fortel meg at eg er i mindretal. Fleirtalet på Stord vil ha Hordfast. Fleirtalet på Stord vil halda fram med oljeleiting og utvinning. Eg tvilar ikkje på at dette stemmer.  Sjølv om eg veit at slike undersøkingar ikkje alltid skal takast for god fisk. Ein bør i alle fall vita kva svaralternativa var, korleis spørsmåla var stilte, kven som formulerte spørsmåla og korleis ein valde ut dei tilfeldig utvalde. 

Les meir om Ei røyst frå mindretalet

Ikkje berre skrift, men dans, musikk og messe

Får du eit høve til å sjå Morten Espeland og «Melancholia II» så gjer det, og viss du er skeptisk til Jon Fosse sin måte å skriva på, så gjer det i alle fall. Kanskje du opplever det som meg, at dette ikkje berre er skrift, det er musikk, det er dans, det er messe.

Eg fann dette biletet på Ymist. sine sider, og lånte det.

 

Les meir om Ikkje berre skrift, men dans, musikk og messe

Kunst, kultur og samfunn – og livet elles.