Musikalsk magi – til slutt

Eg skal vera ærleg å vedgå at eg ikkje visste kva eg gjekk til, men at eg rekna med at det vart ei eller anna form for jazzrock med relativt høgt volum, Stord jazzklubb til å vera, og ganske elektrisk uttrykk. Musikarnamna gav meg svært lite på førehand. Og då eg frykta for at alt skulle bli slik eg hadde tenkt, terping på teknikk og tonnevis med jazzteori, vart teknikk til magisk musikk.

 

Les meir om Musikalsk magi – til slutt

Minne om Fengselet

Framsida på faldaren til Prosjekt Fengselet.

Eg les i avisa at Fengselet er vorten ein byrde for eigarane Holmedal & Husum og at dei no vurderer å kvitta seg med dei gamle verneverdige bygningane. Verneverdige, for eg er sanneleg ikkje sikker på om dei formelt er verna. 

Det burd eg ha visst, eller hugsa, for i eit par år midt på nittitalet var eg leiar for medlemsorganisasjonen «Fengselet, senter for kunst og kultur».  Les meir om Minne om Fengselet

Dårleg distribusjon

 
Eg likar å opna dagen med Klassekampen og ein kopp kaffi med ein skvett varm mjølk i før eg set meg til å skriva. Diverre er det ikkje kvar dag at avisa ligg i postkassa. Eller det kan vera som i dag at eg har fått avisa frå i går, men utan musikkmagasinet, for det fekk eg jo to eks av innlagt i går. Laurdagsavisa ser det ut til å vera ekstra vanskeleg å kjøra rundt med.
 

Les meir om Dårleg distribusjon

Kunst, kultur og samfunn – og livet elles.