At eg første veka som bloggar skulle få mange tusen lesarar, hadde eg aldri trudd. Her gjer eg meg nokre tankar om kring blogging og skriving og røynsler eg har gjort meg til no. Les meir om 28 tusen viste sider
Månadsarki: april 2017
Ein by kalla Storden
Ein stad langs Minnesota State Highway 30 ligg den vesle byen Storden. Han er berre ein halv kvadratkilometer stor og det bur litt over 200 menneske der. Han er kalla opp etter den første mannen som slo seg ned på staden.
Dei har sjølvsagt rett
Sjølvsagt skal pressa dekkja rettssaker og skriva om dommar. Ålmenta har rett på innsikt og pressa har som oppgåve å vidarefortelja, men også ansvar for måten saker vert vidareformidla på.
Når tragedien vert underhaldning
Ei tragisk hending har for andre gong vore oppe til handsaming i retten. To kompisar hamnar i krangel i fylla, dei slåst, den eine vert slått til døde. Han som slår er for andre gong dømt for vald med døden til følgje. Men treng me vita alt om det som hende den tragiske natta for å skjøna kor frykteleg det er?