Me kan ikkje slutta å reisa

Me kan ikkje slutta å reisa.
Me kan ikkje setja oss inne og håpa på at det går over,
og tru at der når ikkje døden inn til oss.
Me kan ikkje slutta å gå ut og sjå nye folk i augo,
ta dei i handa, smila og lytta, læra om deira liv
og fortelja kven me er.

 

Me kan ikkje gå ut og vera redde for Gud og Kvarmann,
jo, kanskje for Gud,
han er jo med på alt dette, seier dei.
Han har drepe for fote i tusenvis av år,
fortel bøkene til dei som hyllar han,
og han held fram med det kvar dag.
No er det islamistane me forbannar,
for få tiår sidan var det katolikkane i Nord-Irland
og andre som bar kross eller krusifiks.
For tusen år sidan vart Olav heilag ,
men ikkje før han hadde skolda folk,
rive tungene ut på dei, drepe og torturert
i Guds namn, og vorte både helt og heilag,
slik dei drøymer om desse unge, vilfarne i dag òg.

Er det ikkje Gud som drep er det Nasjonen, eller dei to saman.
Trua på at me er eineståande og betre enn andre,
anten det no skuldast levemåte og tradisjonar,
at fargen på huda og håret er betre enn andre sin
eller at namna våre og slekta vår
gjer oss særeigne og overlegne.

Me hadde ein av dei blant oss
utan å sjå han før han drap for fote.
Me har ein som er den mektigaste i verda
som alle ser, men ingen stoppar.

Drep gjer dei heile tida, dei som meiner at drap
er det beste språket å tala,
anten dei har uniformar eller kjortlar
anten dei har A-bomber eller leigebilar.
Viss du drep meg, så drep eg deg, så er me kvitt så lenge.
Eg bombar Libya, du køyrer ned tilfeldige på gata.
Me er to av same alen, du og eg, seier dei.
Me skjønar kvarandre me to, seier dei,
og drep kavarandre litt til.

Dei gir seg aldri
Ikkje så lenge det finst folk å drepa og gudar å tru på
og nasjonar og slekt si æra å forsvara
og folk som vert redde og lett seg styra og kua.
Ein dag kan det vera oss dei drep. Klart det.

Dei lever av vår angst. Vår frykt er deira næring.
Det vesle håpet eg ber på
er at mot til å leva som om dei ikkje er til, vil arma dei ut,
og at dei ein dag medan dei sit bak rattet på leigebilen
i ei folketett gate, eller med fingeren på bombeknappen,
tenkjer seg om. Er det eigentleg verd det?
Fører det eigentleg til noko anna
enn meir av det same,
finst det eit anna språk me kunne snakka?

Slik tenkjer eg og sit med kaffikoppen
medan eg ser utover fjord og fjell
og ferja som vandrar att og fram, att og fram,
og gler meg til Roma-turen i neste månad.
Me kan ikkje slutta å reisa.
Er det noko anna eg kan gjera,
enn å vera som ferja på fjorden,
halda fram med mitt, same kva som skjer?
Det er så fredeleg her at det nesten gjer vondt.

 
 

Les meir om Me kan ikkje slutta å reisa