Val som underhaldning

Alt vert underhaldning i moderne massemedium sine hender, og det me ikkje kan ha det løye med er ikkje verd å bry seg om.

Valkampen vert eit sirkus og eit tivoli der det er om og gjera å klovna mest og å ropa høgast, vera kjappast i replikken, skåra billige poeng, vinna terningkast, ta seg ut og bryta seg gjennom ein støyande mur av skrik og skrål.

Ektemenn med støvsugar, ektekvinner med kaffitermos og kjeks, politisk godsnakk som fredagsunderhaldning med sjølvutnemnde humoristar som utspørjarar. Ikkje ein politikarar har mot til å seia nei til å delta. Vil du bli tatt på alvor av massemedia må du stå fram som klovn.

Meiningsmålingane kvar dag fortel aldri om feilmarginar og avvik og seier ikkje eitt ord om kor feil dei tok ved store val i Europa i det siste. Dei berre hamrar inn kven som er taparar og vinnarar og dei politiske journalistane som håpar på å bli moromenn og -kvinner dei òg, når dei slepper unna politikken, stiller aldri eit vesentleg spørsmål, dei spør det same omatt og omatt, kvifor taper du? Kva tykkjer du om henne, kva meiner du om han? Kvifor har du svart kjole på deg?

Aldri spør dei kva som eventuelt skil Solberg og Støre, eller er det verkeleg skilnad i det heile? Har dei eit grunnleggjande samfunnssyn som er ulikt den andre sitt, eller trur dei på det same, men brukar litt ulike ord og held seg med bittelitt ulike venner. Berre bittelitt, for dei er jo tjommiar sjølv, Erna og Jonas og dei koselege journalistane som plaprar med dei. Dei møtest nok over ein drink og ein lakrisbåt i baren etterpå.

Eg såg Solberg og Større i såkalla duell, eller var det jobbsøknad NRK valde å kalla det. Dei sa om lag det same om dei få vesentlege spørsmåla som kom fram. Dei høyrdest ut som fraksjonar i same parti, og dei er også det. Men fekk dei spørsmål om denne likskapen? Nei. Utspørjarane prøver fortvila å finna motsetnader, konfliktar som ikkje finst, grunnleggjande usemje, slik at dei kan laga show og moro.

Alt skal vera underhaldning. Ingen ting skal takast seriøst.
Støre lovpriser lakseoppdrett og ingen spør han om lakselus og ureina fjordar. Solberg lovprisar olja, og ingen nemner flaumkatastrofar, klimaskifte, menneska si framtid, utanom unge miljøvernararar som Janus-ansiktet ErnaJonas flirer skeivt av.

Det mest interessante som kjem fram er at Solberg likar lakrisbåter og Støre gjendekjeks.

Og etterpå høyrer me på kommentatorane som kastar terningar og deler ut karakterar etter stil og framføring og ikkje i det heile bryr seg om kva politikarane seier og meiner.
Ingen bryr seg om det lenger. Det er altfor alvorleg å tenkja på. Det får ikkje ein kjeft til å le.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.