Om kopardorger, lyrefiske og juks og bedrag

Det er ikkje kopar alt som vert selt som det, noko er rein juks med brun lakk på. There is no business like monkey business.

 
For nokre år sidan fann eg ei kopardorg i butikken til Bjarne Waage på Skjeret i Brandasund. «Hu syngje te fisken, den der,» sa handelsmannen og eg trur han har rett. Me hadde dorga lyr i mange år langs land før kopardorga kom i båten, men no vart det mest for mykje av det gode. Lyren beit på alle tre gummimakkane nesten før Herdis hadde fått onglane i sjøen. Og når dorga var uti var det ikkje fred å få. Stampen var full før fisketuren var for vel i gang.
Men onglane rusta og i staden for å skifta dei ut, kjøpte eg ny dorg. Eg fann ei i Fitjar, som gav seg ut for å vera av kopar, men var ubrukeleg. Det var ein eller annan type syntetisk gøtt med koparfarge på. Lakken flassa av i sjøen. Ho song ikkje i det heile.

Eg spurde i butikkane på Vikjo, dei hadde aldri høyrt om kopardorg der. Eg leitte der eg kom og til sist fann eg ei skikkeleg kopardorg ein eller annan stad, eg hugsar ikkje kor. Den funka fint. På første dorgeturen i vår gjekk dorga ut like utanfor moloen i Sævarhagsvikjo og før dorga var heilt ute, sat tre fine lyrar på.
Onglane var litt rusta, så då eg i juli var ein søndagstur til Brandasund, ikkje på Skjeret, fann eg ei ny dorg frå Fladen og eit ekstra kroksett der. Og nokre dagar seinare fann eg jamvel ei liknande på Heiane, og no har eg jaggu sett at Mekk fører kopardorger òg, frå Fladen.
Så i går la me utpå. Herdis heiv ut ei av dei nye dorgene ved skjeret nordom Hidlekalven. Tre lyrar på første hal. Uti att med makkane og så eit kjempenapp og heile slepet med gummimakkar var borte. Eg tenkte at det må ha vore engelskmann på kopartråden og at han difor har brotna, og hoppa ned i kahytten etter ei enno ikkje utpakka dorg. Eg gav snøret til dorgaren medan eg hengde på ei lita jensensild på stongsnøret mitt. Ho gav meg fem fine og feite makrellar på neste tur rundt Hidleøyane.

Den nye dorga gav ikkje så mykje som ein palemort.

Ikkje før me var komne på sørvestsida av Hilde, der fekk Herdis på ny eit durabeleg napp, men fisken hang ikkje på. Like etter nappet dukka ein flokk på 7-8 niser opp berre ti meter framfor båten vår. Dei hoppa og leika seg slik eg aldri har sett niser gjort før, dukka under båten vår, og kom opp med pusting og pesing og hopping og dansing rett bak oss, der dorga framleis var ute. Då niseshowet var over, fann Herdis ut at ho skulle sjekka dorga. Det var då rart at ho ikkje fekk ein fisk.
Ikkje rart i det heile, sa eg. Nisene har skremt livskiten av dei.

Men ho drog opp, og alle onglane var vekke på denne dorga òg.
Eg fann fram den gamle med rusta onglar og snart var det full rulle med lyrehaling att.
I dag var eg i båten for å setja nytt ongelsett på desse to nye dorgene det berre vart kopartråden att av, men oppdaga at det slett ikkje var kopartråd dei var laga av, men noko som truleg er aluminiumstråd med koparlakk. Dei er så glatte at det er uråd å festa gøtten med onglar  på skikkeleg vis, dei bukter seg mykje mjukare enn kopar og dei er så svake at eg drog dei rett av med handamakt. Juks og bedrag, altså. Verken meir eller mindre.

 
Eg leitte i fisketølene og fann den dorga som eg i si tid kjøpte hos Bjarne på Skjeret. Ein heilt annan tråd. Stivare og tyngre og med grønt eir på seg. Ekte kopar tvers i gjennom. Eg vaska av eiren så godt eg greidde og sette kroksettet på denne i staden.

Eg trur dei må tenkja som slik dei som lagar skiten: Kopardorger er vortne populære, men kopartråd er dyrt, så då bløffar me litt i staden og sel det til overpris. There’s no business like monkeybusiness.Ikkje rart at dei no også sel ekstra kroksett. Du må jo skifta for kvart napp.

Ho sa det Herdis då ho slapp ut den nyaste dorga. «Denne tråden liknar ikkje på dei andre. Han er mjukare og glattare.»
Ho hadde rett.
Dei nye juksekopardorgene syng ikkje til lyren, dei heng att i kjeften på han i staden viss han er så dum som eg og bit på svindelen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.