Flygel til lunsj, er ein finfin konsertserie som er skapt og gjennomført av pianisten Marita Kjetland Rabben. Eit par gongar i året kjem ho heim til Stord saman med framifrå musikarar og songarar og eit repertoar sett saman av kjent og kjært frå dei klassiske musikksjangrene og epokane.

I ettermiddag hadde ho med seg fiolinist Hilde Kolstad Huse og cellist Åge Kvalbein. Siste mann er jo nærast for ei superstjerne i norsk musikkliv, har turnert verda over, vunne ei rad prisar og vore professor i cello m.a. Likevel var ikkje konserten funnen verdig førehandsomtale i lokalpressa, og truleg ikkje etteromtale. Om lag femti menneske hadde likevel funne vegen til Stord kulturhus, og dei fekk alle, vil eg tru, ei fin og til tider sterk musikalsk oppleving.
Første avdeling baud på kjend og vakker musikk. harmonisk og letthøyrt og kan henda litt glatt og utan særleg temperament og styrke, synest no eg. Men så tok det seg kraftig opp att etter pause, og Sjostakovitsj sin Trio nr 2. Dette er musikk som er skapt med konsentrasjonsleirene under Andre verdskrigen som bakteppe, og er både hjarteskjerande vond og vakker på same tid. Det vart ei sterk stund, beint fram.
Marita kjem tilbake til våren, då har ho med seg m.a. den framifrå songaren Tora Augestad. Det er berre til å gleda seg og til å takka Marita Kjetland Rabben for den jobben ho gjer for alle som set pris på slik musikk her