100 dagar att til valet

100 DAGAR TIL VALET

For fire år sidan stilte eg for første gong til val til kommunestyret i Stord. Eg stod på 3. plass på SV si liste. Det var også den plasseringa eg fekk då røystene vart telte opp. Me fekk to inn i kommunestyret. Eg vart første vara, både til kommunestyret og til utvalet for rehabilitering, helse og omsorg, som i nyspråk vert kalla berre  RHO. Etterkvart rykte eg opp til fast representant i kommunestyret og har møtt meir eller mindre fast i RHO òg. 

Det har vore lærerike år. Eg har både lært om kommunepolitikk og kommunal administrasjon, om planar og økonomi,  og fått sjå andre politikarar og parti sine synspunkt på nært hald. Eg har måtta bryna mine eigne tankar og vurderingar, eg har måtta gå på gruppemøte i mitt eige parti, noko eg aldri har gjort før, eg har måtta lesa sakspapir som ikkje alltid er like spennande og godt formulerte, og gjort anna som følgjer med oppdraget som representant i kommunestyret. Ikkje alt har vore like spennande, men det har vore lærerikt.

Mest av alt har eg lært nytt om meg sjølv. 

Eg har stått framfor publikum i ulike samanhengar i det meste av mitt liv, tusenvis av gongar, på danselokale, skular, teater, konsertsalar, festivalar og hatt frå éin til hundrevis av tilhøyrarar. Eg har sunge og lese og gjort meg til, og beint fram elska det. Alltid litt nervøs før eg står fram, men det har gått over i det eg kom i gang. 

Å gå på talarstolen i kommunestyret burde ikkje by på problem. 

Det skal eg seia det gjorde første gongane eg tok ordet. Eg hadde site og lytta på folk eg både var samde med og usamde med og blitt forundra, ja, direkte «øvegidde», over kor flinke dei var til å snakka og diskutera og føra seg på talarstolen. Då eg skulle fram sjølv var det som om alt det kloke eg hadde planlagt å seia, låg att på stolen min, og det som kom ut frå munnen min var det reinaste vrøvl, endå eg hadde skrive ned kvart eit ord. Eg hadde mist både evnen til å tala og til å lesa. 

Det har gått seg til. Eg har vunne over skrekken og prøvd å vera synleg lokalpolitikar. Eg er blitt betre til det, tykkjer eg. Men har mykje å læra. 

Så eg har sagt ja til å stilla til val på ny. Denne gongen på 4. plass på SV si liste. Ein plass ned. Eg kunne sikkert ha klyvd eit hakk opp i staden, sidan eg alt sit i kommunestyret, men eg tykkjer at dei tre som står over meg er er så sulande flinke folk, at eg med stor glede står under dei. Og eg ville det sjølv.  

Hilde Hildal Hauglid, som er gruppeleiar for partiet vårt no, er kjempeflink og kunnskapsrik og verkeleg ein politikar til å stola på. Eg ser opp til henne, altså. Eg ville hatt henne til ordførar.

Tore Roth Blokhus, som denne perioden representerer Raudt, og som eg har vikariert for i RHO, er også utruleg flink, ordfør og kunnskapsrik. Ein mann med hjarta og politikk på rette staden. Gi den mannen ein talarstol. 

Og så  Jane C. S. Jünger, som alle kjenner både  frå arbeidet  i Wärtsilä og Sunnhordland Folkemuseum, og frå alt anna ho driv med på fritida, men som òg er min tidlegare kollega frå redaksjonen i Sunnhordland. Få har betre kunnskap til lokalt og internasjonalt næringsliv, miljøarbeid, teknologi og samfunn – ho er både ei kvinne for framtida og ei kvinne med stor historisk og kulturell kunnskap. Kan det bli betre?

Det er ein fabelaktig trio, nærmast ei lokalpolitisk supergruppe, som eg er overtydd om at folk på Stord vil velja inn i kommunestyret, og er eg heldig blir eg med dei inn. Viss får eg gleda meg over å bli støttespelar og vararepresentant.

Eg skal ikkje komma med politiske lovnader her. Programmet vårt skal presenterast seinare, men det vil jo sjølvsagt handla om rettferd, offentleg velferd, gode kommunale tilbod til alle, det handlar om å ta vare på mangfaldet i naturen, miljøvern, jordvern og slikt som me i SV heng høgt. Sjølv er eg særleg oppteken av kunst- og kulturtilbod, eg er oppteken av å skapa eit inkluderande lokalsamfunn, som har plass til folk med ulike bakgrunnar, legning, ressursar og evner, men også meir og meir av helse- og omsorgspolitikk og tilbodet til den aldersgruppa eg sjølv med åra høyrer til, me som stadig vert eldre og etterkvart er blitt ganske gamle.

Eg blir 69 i haust. 70 neste år. Det er nesten ikkje til å tenkja på. For gammal til lokalpolitikk? Nei, ikkje når eg ser på nokre av dei eg sit i salen saman med. Eg er av dei eldste der, men ikkje eldst. Og me greier oss godt.

Eg meiner det er viktig, eg, at me på seniorlaget står fram og seier frå og vil ha eit ord med i laget. Eg meiner også det er særs viktig at alle oss som høyrer heime på venstresida i politikken, same kor gamle me er, engasjerer oss, tar del, ikkje berre i kommunestyret og utval, men i gruppemøta, i partiarbeidet, i aksjonar og møte og står opp mot høgrekreftene som tilsynelatande går fram på alle baugar og kantar. 

På Stord står òg høgresida sterkt. Dei kan vinna valet, skal me tru meiningsmålingane. Då kan Øyvind Kyvik frå Høgre bli ordførar. Han er ein kjekk mann, eg har ikkje eit vondt ord å seia om han, men politikken hans gagnar dei velståande meir enn han gagnar fattigfolk, for å seia det slik. Og skal han få ordførarkjedet, så blir det på Sigbjørn Framnes sin nåde. Han har like lyst å overta Epland sitt kontor, Frames, og vil i alle tilfelle setja premissane for ordføraren sin politikk. Kjekk kar, Sigbjørn, òg. Me har kjent kvarandre lenge, og har ein god tone utanfor talarstolen, men politikken hans er eg redd – og det bør fleire vera.

Skal me tru lokalpressa, så er det stort sett berre Kyvik, Framnes og Reinert Svangberg som driv med lokalpolitikk i Stord, og så Geir Angeltveit, sjølvsagt. Han er jo høgt og lågt i det politiske landskapet og eg har stor respekt for arbeidet han gjer for partiet sitt. Men han er også ein av dei som vil garantera for eit Frp-styrt Stord, med ordførar frå Høgre. 

Så slik ser eg det. 

Eg håpar på at venstresida vinn fram dag for dag i 100 dagar. Og eg håpar at me i SV vert ein god gjeng i kommunestyret, og at i alle fall supertrioen på topp kjem inn. 

Eg håpar også at mange nok røystar på meg, slik at eg òg får vera med på festen. Sjølvsagt gjer eg det. Endå ein av Høgre sine representantar i kommynestyret nyleg skreiv på Facebook at SV er festbremsar og at han håpa at det går svært dårleg med oss i valet. Personleg håpar eg det same for hans parti, eg må vera ærleg å seia det, sjølv om eg sit på same rada som han. Men eg håpar det går endå dårlegare for FrP, som han vil regjera saman med.

Festbremser er me i alle fall ikkje. Men me vil ha alle med på festen, ikkje berre dei som har råd til rådyre billettar og bompengar.

Eg kan ikkje lova veljarene mine verken  gull eller privat rikdom, men eg vil i alle fall jobba for ein god og  inkluderande kommune og for grøne skogar. Det siste er kanskje viktigast av alt, viss me ser stort på det.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.