Eg ve te Bergen, ve te Bergen med det samme

Eg ve te Bergen, ve te Bergen med det samme

Rådmannen har lagt fram sak om motorvegtrassé gjennom Landåsen. Saka skal opp i kommunestyret 22. juni og formannskapet denne veka. Her vert konsekvensen av firefelts motorveg gjennom Landåsen vurdert som å vera svært negativ, eller stor negativ som det står i saka. Det same gjeld for nærmiljø og friluftsliv. Same kva av dei to alternativa til vegtrassé som vert vald, så vert konsekvensane svært store.

Read more



Men ein stor og vond konsekvens for natur, landskap, nærmiljø og friluftsliv er likevel ikkje nok til å seia nei til firefelts motorveg, meiner rådmannen, for dei positive verknadene vil bli så store. Me vil få god kommunikasjon og kortare reisetid mellom Bergen og Stavanger, og dette vil då kunna føra til auka verdiskaping og auka tilflytting til Stord kommune.

Ein vil få betre tilgang til arbeidskraft og kompetanse, vert det hevda, noko som vil løysa – på lang sikt, rett nok – utfordringar knytte til både demografi (busetnad, folketal, alderssamansetjing etc) og vera med på å skapa ein berekraftig velferdsstat.
Me skal altså få ein felles arbeidsmarknad som strekkjer seg langs kysten frå Jæren til Nordhordland. Du hildrande, du! Dei som bur innanfor får klara seg sjølve.

Framtida kjenner ingen
Eg veit ingenting om framtida. Eg trur, ventar, håpar, reknar med, satsar på korleis det vil bli, men eg veit ikkje noko som helst. Som kommunepolitikar er ein viktig del av oppgåva mi lukevek å vera med å planleggja for framtidig utvikling og utforming av samfunnet, levemåten, naturen og miljøet, for at framtida skal bli slik eg ønskjer at ho skal bli. Men eg kan ikkje seia sikkert at det er slik ho vert, same kva eg er med på å vedta.

Utviklinga har det med å ta brå og uventa vegar. I dag kan dei fleste av oss ikkje tenkja oss eit liv utan Internett og smarttelefonar. Det er som om den digitale kommunikasjonen og kvardagen har vore der alltid. Internettet er 30 år gammalt, godt og vel, smarttelefonen vart lansert i Noreg i 2008/2009. Min første mobiltelefon kjøpte eg i 1994, trur eg.
Mobiltelefonen og smarttelefonen har fullstendig endra måten me kommuniserer og lever saman på. «Ingen» såg at dette kom til å skje. Du finn ikkje ein framtidsroman eller -film frå før nittitalet som nemner mobiltelefon, som eit verkty alle kom til å ha i framtida.,

Autobahn eller el-bilbveg
For ti år sidan var det knapt nokon som trudde at el-bilar kom til å bli ein suksess. No er det planlagt for at dei skal bli einerådande. El-bilane har ikkje berre batteri, dei har også ei mengd finessar som omskaper bilkøyringa. Når eg køyrer, både kort og langt, har eg på fartskontroll, avstandskontroll og sidekontroll. Vår bil kan ikkje lesa trafikkskilt, så eg må tilpassa farten, men det kan andre bilar.
Snart vert det normale, bilar som køyrer sjølv, bilar som er mykje tryggare enn eg er som sjåfør. Truleg vert det også slik at bilane kan lada batteria medan dei køyrer, at det ligg trådlaus lading i vegbanen.

Slike nye bilar treng difor andre typar vegar enn den gammaldagse typen. Ikkje slike vegar som Vegvesenet planlegg over Stord, dei er basert på bilparken slik han såg ut for femti år sidan. Modellane for desse vegane er autobahn og autstrada, bygde i ei tid då framtida og lukka var stor biltrafikk og bensin og diesel reine velsigningar.

Eg trur at me treng andre typar vegar. Men eg veit ikkje. For før eg veit ordet av det er dronene ikkje lenger berre bygde for fotografering i naboen sin hage og bombing av uskuldige sivile, men for å frakta folk. Då vert framtidsvisjonen vår frå sekstitalet oppfylt, ei verd full av flygande bilar, og motorvegane vert like rare og gammaldags som dei gamle postvegane er i dag. Berre at postvegane ikkje tok så mykje plass og var bygde i samråd med naturen.
Kanskje blir det slik, kanskje ikkje. Eg veit ikkje.

Ei grøft på vegen mellom storbyane
Eg veit heller ikkje om Hordfast og Rogfast og breie motorvegar vil føra til at folk flyttar til Stord. Eg trur ikkje det. Slik rådmannen i Stord skriv, fører ein ferjefri motorveg til kortare reisetid mellom Bergen og Stavangar. Nettopp. Ein motorveg over Stord vert ein transportetappe mellom desse byane. Ein transportetappe nesten utan avkøyringar. Eg har sagt det før, det vil gjera Leirvik til ei grøft på vegen mellom storbyane. Det vil gjera Heiane irrelevant som handlesenter, vegen til Lagunen blir kort, og til Forus og Stavanger.

Eg trur det vil få like negative konsekvensar for lokalt næringsliv og handel å byggja motorveg, som det blir for naturen og miljøet. Eg veit det ikkje, men eg kan jo sjå kva som hende etter at Trekantsambandet kom. Heiane vart handlesenter for både Bømlo, Fitjar og nordre Sveio i tillegg til Stord. Amandasenteret og Raglamyr vart ein liten biltur vekke. Haugesund vart ein del av nærområdet. Mange tilbod flytta dit. Posten flytta frå nybygget sitt i Sæ. Televerket forsvann. Likningskontoret. Politiet vart lagt til Rogaland. Eg seier ikkje at alt skuldast Trekantsambandet, men det var sterkt medverkande til sentralisering og til auka biltrafikk.

Eg ve te Bergen
Kva vil skje etter Hordfast? Vil det vera rasjonelt å oppretthalda Stord sjukehus, når Haukeland ligg så kort reisetid unna? Kva med Haugesund sjukehus? På Austlandet legg dei no ned lokale sjukehus og byggjer store regionale. Gode vegar gjer det mogeleg.

Kva med Høgskulen på Rommetveit. Den eldste kontinuerlege lærarutdanninga i landet slit med å halda liv i seg etter at skulen vart lagt inn under høgskulen i Bergen, eller i Vestland som det vert kalla. Eg trur at høgskulen på Rommetveit er noko av det første som vert lagt ned viss Hordfast og motorvegane kjem. Kan henda før den tid òg.

Flyplassen er det knapt verd å nemna. Det blir meiningslaust å oppretthalda ein liten flyplass på Stord med endå kortare reisetider til Flesland og Sola. Karmøy Lufthavn kjem nok til å slita like mykje.

Kvifor er ikkje nokon slike spørsmål stilte i rådmannen si utgreiing? Kvifor stiller aldri administrasjonen spørsmål bed motorveg-byggjarane sin argumentasjon, og fleirtalet si påståtte sanning om framtida?

Kva med kommunestrukturen? Tysnes og Fitjar, Sveio, vil dei overleva som sjølvstendige kommunar. Det tvilar eg på.

Kva med arbeidslivet i den digitale framtida? Vil me sjå like store konsentrasjonar av tilsette på ein arbeidsstad, eller vil folk no kunna arbeida der dei bur i staden? Pandemien viste oss at det slett ikkje er naudsynt å reisa til Oslo for å ta del i møte, me kan sitja heime på kjøkenet i staden. Mykje meir effektivt og mykje billigare.

Kvifor har lokalt næringsliv klart seg så utruleg bra til no, endå me har ferjer og fjordar og vegar med 80 km/t som høgaste fartsgrense? Vil plutseleg Kjøtteinen, Sveisen, Wärtsilä og andre gå ad undas dersom Hordfast ikkje vert noko av, eller Landåsen vert verna? Eller greier dei seg, tilpassar dei seg, finn dei på noko nytt – slik dei alltid har gjort? Eg trur dei gjer det, eg. Beint fram, trur eg det.


Ein gammal mann sine draumar
Eg er ein eldre mann etterkvart og veit godt at mykje av denne planlegginga er for ei tid og eit samfunn, eg sjølv ikkje vil få oppleva. Så difor er det for borna mine og barneborna mine eg er med å leggja til rette. Eg ønskjer så sterkt at dei som kjem etter meg, skal få oppleva så mykje urørd natur som mogeleg, at dei skal få pusta inn frisk luft, at dei skal få seg arbeid dei trivest med, at dei får leva i eit samfunn der alle respekterer kvarandre, der det er mest mogeleg økonomisk likskap og fridom for alle, der demokratiet er nært og levande, der makta er delt på mange og der alle har same rettar og tilbod.
Eg håpar og trur på at dei skal få det godt. Men eg veit ikkje noko om det. Eg kan berre vera med å leggja til rette for det, og eg kan byggja mitt arbeid for å skapa denne framtida på røynsler, på analysar, på fakta om notid og fortid – men ikkje om framtida. Framtida finst ikkje som fakta.

I mi framtid er det ikkje bruk for breie motorvegar gjennom skogar, over jordbruksland, gjennom bygder, over fjordar og gjennom fjell. I den framtida vil mine etterkommarar lesa i skulebøkene om korleis ein for få generasjonar sidan faktisk trudde at å byggja ned naturen, å byggja breie vegar og svære bruer var godt for samfunn og miljø, dyr og menneske, og så vil dei rista på hovudet og le, slik me gjer når me les om at eit av dei største problema New York stod overfor i si tid, var kor dei skulle gjera hesteskiten som fylte opp gatene. Så kom bilen, så kom ei framtid ingen hadde planlagt for.

Medan eg har skrive dette har songen til Knutsen og Ludvigsen kverna i bakhovudet, og eg har forstått at dette er mantraet for Hordfast-folket, «Eg ve te Bergen, ve te Bergen med det samme. Der har de det som fisken i vanne`, vått og kaldt og breiflabb over alt.»

Read more

One thought on “Eg ve te Bergen, ve te Bergen med det samme”

  1. Så bra, Atle! Nei, vi kjenner ikkje framtida, men vi veit at den politikken vi fører må ta utgangspunkt i korleis vi vil at ho skal bli. Og difor vonar vi at mange vil støtte SV i val, for å ta vare på naturen, matjorda og tilrettelegge infrastrukturen slik at vi kan nå klima- og bærekraftmåla.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.