Ei styrt utvikling

DEN STYRTE UTVIKLINGA

Då eg kom til Stord i 1970, snart 16 år gammal, for å gå på gymnaset, flytta eg på hybel hjå onkelen min på Horneland. På veg heim frå skulen kunne eg handla mat anten i butikken på Tveita eller på Horneland, eller svinga nedom til Jonas Eldøy i Kårevik. Då heile familien flytta hit året etter, til rekkehus på Ørehaug, var det to butikkar på Rommetveit, ein på Haga, på Hystad var det kolonial, bakeri, meieriutsal m.m.. Sagvåg hadde fleire butikkar. På Bjelland butikkar og bakeri. I Leirvik kunne ein velja mellom mange stader å handla mat, og elles få det meste ein trong. 

Med asfalt også nord for Bekkjen, nye vegar, fleire bilar og større tilbod i sentrum, forsvann småbutikkane.

På Moster var det i min oppvekst ein butikk i kvar ein våg der ferja Samband la til, og elles ein oppe på land på Grindei, som eg seier, Grindheim som dei skriv, og Totland. Skulle mostringane kjøpa klede drog dei helst til Haugesund med ferje og buss på kronglete vegar, eller til Storden, Leirvik, der me halvstyvingar og ungdomar ofte reiste også på sundagen med ferja for å treffa andre unge. 

Bremnes og Svortland var eg ikkje på før pappa fekk bil og eg var 13-14, trur eg, og sidan etter konfirmasjonen, mest,  annan kvar laurdagskveld for å gå på kafear, eller henga som dei seier no.

Leirvik var mostringane sitt næraste handlesentrum. 

Ein av dei første dagane etter at bruene mellom Moster (Spyssøy (med y for all del) og  Røyksund høyrde inn under Moster) og Stord opna, trefte eg ein gammal kjenning frå Moster på ein av butikkane der. «Frå i dag av skal eg aldri meir kjøpa så mykje som ein spiker på Svortland», sa han.

 Etter mange år med vanskeleg kommunikasjon mellom Moster og Vikjo, var endeleg det gamle sambandet gjennopna. Men no vart vegen til Heiane den kortaste, og etterkvart var det her det nye handlesenteret utvikla seg, og det gjekk ut over Leirvik, men også Sagvåg, Fitjar, handlande på Moster, sjølvsagt, og ikkje minst Svortland, men også Valevåg, vil eg tru, og Førde, altså Sveio.

Går du ein runde på Heiane i dag, høyrer du dialektar frå begge sida av fjorden, du treff folk frå heile ytre Sunnhordland både framfor og bak kasseapparata.

Det var Trekantsambandet som førte til dette. Lukke for nokre, tap og mindre lukke for andre. Lik det, eller ikkje, men å knyta øyar og fastland tettare saman, og gjera E39 ferjefri eit stykke, var ei styrt politisk utvikling. Det kom ikkje av seg sjølv, slik eg ser politikarar hevda: Me kan ikkje stoppa utviklinga.

Denne vilja sentraliseringa av handelen i Ytre Sunnhordland har ført til at dei fleste folk må reisa lenger for å handla enn før, men også at der dei kjem kan dei få tak i både alt det dei ville ha og alt det dei ikkje visste dei ville ha. Det som eg lærte på handelsskulen (eg har den, ja) vart kalla latente behov. Altså ting du ikkje absolutt treng, men som er kjekke å ha og som du får lyst til å kjøpa fordi du ser dei stilte ut nett der du står og går.

Ikkje berre sentralisert handel, altså, men auka handel og forbruk. 

Pluss meir biltrafikk. Meir utslepp til luft frå motorane, meir slitasje på vegar og støv og anna utslepp til natur, meir pengar i kassane til butikkane i sentrum, og sidan dei andre vart lagde ned måtte alle dit, så difor også auke i bompengeinntektene og raskare nedbetaling av vegen.

Alt heng saman.

Sjølvsagt gjorde vegar, bruer og tunell det lettare å reisa på jobb for dei som jobba i annan kommune. Med Trekantsambandet hadde ikkje pappa behøvd å reisa med pendlarbåt att og fram til Kjøtteinen, og det er ikkje sikkert me hadde flytta hit. 

Me hadde blitt buande, kanskje, og då hadde mine etterkommarar kanskje gått på Moster skule, eller på Bremnes, og hatt mange lærarar busette på Stord. Før budde lærarane på Moster og dei som ikkje var mostringar fann seg kjærastar der, og var med på å utvida genmaterialet hos mostringar, noko som det var stor trong for til tider. Men det hende sjeldan at folk flytta dit utan at dei var lærarar eller som far min, sjømann frå Finnmark, som fann seg mostrakone. No har fleire eg veit om, flytta frå Stord til Moster, og jamvel til Valestrand.

Trekantsambandet har gjort Ytre Sunnhordland til ein felles arbeids- og bustadmarknad, og gjort Heiane – og i mindre grad – Leirvik til handlesentrum.

 Dei fleste butikkane du kunne gå innom langs vegen er borte. Dei aller fleste må køyra langt i bil. Lik det eller ikkje, men det er ei styrt utvikling, sentralisering av handel og næringsliv og til ei viss grad desentralisering av busetnad og utviding av arbeidsmarkanden.

Alt dette fører til auka trafikk.

Spørsmålet er då? Vil me ha auka trafikk? Vil me ha sterkare sentralisering av handel og næringsliv, men no mot dei to store polane i kvar ende av vestlandsvegen. Vil me at folk køyrer mange mil att og fram for å handla og jobba? Vil me det, så styrer me utviklinga den veg, til den breie motorvegen som legg alt flatt der han kjem.

Kan det finnast andre og meir naturvenlege løysingar? 

Det spørsmålet var det få som stilte då Trekantsambandet vart bygd. Medvitet om miljø- og klimakrisa var ikkje så sterkt den gongen. I dag veit alle kva veg det ber med klimaet. Det einaste me kan gjera er å prøva å demma litt opp for denne menneskeskapte utviklinga, som ikkje er medvite skapt, (får me håpa), men eit resultat av m.a. kravet til auka effektivitet, høgare profitt, større utnyttinga av begrensa ressursar, fleire folk som skal mettast,  sentralisering og monopolisering og absolutt manglande tru på dei som har åtvara mot dette i fleire tiår.

Likevel er me tilsynelatande færre denne gongen som spør om det kan finnast betre løysingar for natur, miljø, mangfald, kulturlandskap etc etc enn motorvegar og overdimensjonerte bruer. 

Me er om lag dei same som sist som protesterer, og stiller spørsmål, og me vert avviste og latterleggjorde og Trekantsambandet sin førstetalarar som er same personar som sist – same slekta, så og seia – hånar oss og seier at «dåke var mot Trekantsambandet også dåke», (dei seier vel helst «dere», forresten) – og sjå kva det har ført med seg? Så ler dei høgt for Trekantsambandet har jo vore ei velsigning. Kanskje, det? svarar eg. Kanskje det, men eg er ikkje hundre prosent sikker. 

Det er det eg ikkje er, hundre prosent sikker på at det berre er positive sider ved Trekantsambandet, sjølv om eg faktisk ser dei òg, og nyt godt av dei. Eg vedgår det. 

Men, likevel, eg er endå meir tvilande til at fortidas sentraliserande vegløysingar i dag, er det aller beste for framtida og utviklinga av klima og miljø på den eine jorda me har på deling. 

For i det store biletet er det jo faktisk dette det handlar om, sjølve jorda, ikkje berre vegen  over Stord mellom Bergen og Stavanger. Trekantsambandet gav oss ikkje berre ferjefri veg til kontintentet, det gjorde oss kanskje endå meir klar over at me alle er del av ein stor fellesskap.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.