I Nord-Atlanteren er nokre riking-turistar
på veg til Titanic i ubåt,
for moro skuld, og forsvinn.
Pressa hentar krigstypar fram
og ryddar plass på toppen av nettsidene.
Stor leiteaksjon sett i gang.
Vener av dei ettersøkte vert intervjua
og livshistoriar fortalde.
Ved Middelhavet fyller dei opp gamle holkar
med folk på flukt frå krig og elende
for å søkja eit leveleg liv i Europa.
Born og kvinner vert låste inni lasteromma.
Dei vert avviste av kystvakta.
Båtane søkk. Menn hamnar i sjøen.
Born og kvinner druknar i hopetal
og vert til notisar mellom
annonsar for velværeprodukt
og nett-tv med nakne realitydeletakarar
og kjendisar som avslører nye partnarar
eller gladnyhende om born på veg
og kva namn ungen deira skal få
Ingen av dei drukna er namnlause
Dei hadde fått namn av foreldra
og kjelenamn av venner
og nokre hadde kjærestenamn
som vart kviskra i øyro deira
Og då dei vart fødde var dei
gjerne også gladnyhende
for dei to som skapte dei
eller enno ei bør til eit vanskeleg liv
Det får me aldri vita.