Eg òg seier ja, Svanberg

Eg les at Frp sin Reinert Svanberg vil at Stord skal vera ja-kommune. Han er ikkje den einaste som meiner dette. Eg er ja-mann på min hals, eg.

Eg seier Ja til ei god framtid for jorda, for naturen og for dei som skal ta over etter oss. Og er difor positiv til miljø- og naturvern, til grøn industri og alternative energikjelder.

Eg seier Ja til vern av dyrka mark og god matjord. Folk må ha hus å bu i, men nye bustadar må byggjast der slike finst frå før, eller på tomter som er minst mogeleg øydeleggjande for natur og miljø.

Eg seier Ja til rein luft å pusta i.

Eg seier Ja til gode  og trafikksikre vegar, og auka fart der det høver, men eg vil ikkje ha breie motorvegar gjennom bygder og verneverdige skogar.

Eg seier Ja til fellesskapsløysingar på alle område der det tener folk best. Eg meiner det er samfunnet, me alle, som har ansvaret for sjuke, gamle og pleietrengande. Og eg seier ja til at det offentlege satsar på dette.

Eg seier Ja til likskap og rettferd og lik behandlinga av alle. Eg seier Ja til at alle ungar skal gå i same skulen, få same opplæring og så godt som mogeleg like tilbod. Eg vil at ungar skal få møta andre ungar frå alle samfunnslag,  kulturelle bakgrunnar, familieordningar, religonar og livssyn.

Eg seier Ja til sykkelvegar og gode kollektive transporttilbod.

Eg seier Ja til eit samfunn utan undertrykking og utnytting.

Eg seier ja til det solidariske samfunnet der alle deltar i spleiselaget etter evne og får tilbake etter behov.

Eg seier Ja til lovar og reglar som syt at ingen kan ta seg til rette på fellesskapet sin eigedom.

Eg seier Ja til reguleringar og demokratiske avgjerder.

Eg seier Ja til vern av strandlinja og allemannssretten. 

Eg seier ja til reine fjordar og villfisk, og vil ha strengare regulering av oppdrettsnæringa. Eg seier Ja til den såkalla lakseskatten.

Eg seier Ja til at etterkommarane mine skal få leva gode liv og meiner at me difor må ha ein strengare miljøpolitikk. Miljøkrisa kan ikkje løysast på det individuelle nivået, det må lovar og reguleringar til.

Eg seier Ja til musikk, kultur, kunst og alt som er kjekt og som er med på å skapa livet betre for folk.

Eg seier JA til Stord som ein kommune for alle, også dei som stundom veit at me er nøydde til å seia nei.

Atle Hansen

4. plass på Stord SV si liste til kommunevalet.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.