Kvifor snakkar ingen om Nordbygdo?
Laurdag stod eg på val-stand på Leirvik Torg. Det var lite trengsel framfor partibodene, og dei fleste som var der var nok gjengangarar eller folk som alt hadde bestemt seg, eller hadde allereie stemt.
Likevel kom eg inn i nokre interessante samtalar.
Eit ektepar, som ikkje kom til å stemma på mitt parti (SV), sa at dei likevel tykte me hadde mange gode standpunkt. Dei støtta oss mellom anna i synet på kor den nye pleieheimen skal liggja.
Dei budde i Nordbygdo, sa at det er like langt frå Nordbygdo til Leirvik, som frå Sagvåg.
Men kvifor snakkar ingen om Nordbygdo? Kvifor snakkar ingen om å byggja ut tilboda der?
Kvifor skal folk i Nordbygdo måtta kjøra lang veg for å besøkja folk på pleieheim, men sagvågarane skal kunna gå?
Eg vart ikkje heilt svar skuldig, for eg har faktisk nemnt Nordbygdo i fleire diskusjonar, men sjeldan frå nokon talarstol, og om eg har gjort det, så har det ikkje vekt særleg merksemd. Men dei har jo rett, desse to. Nordbygdo står sjeldan på sakskartet.
Eg retta dei med omsyn til avstand. Frå Rommetveit til Leirvik er det 5,5 km. Frå Sagvåg er det 8,5. Men dette er frå sentrum til sentrum, frå Grov og Agdestein og bygdene nordanfor er det mykje lenger. Slik det er frå Dyvik og der omkring. Og sameleis omvendt, frå Valvatna-området, som vert rekna til Sagvåg, er avstanden til Vikjo som frå Rommetveit. Sjølv bur eg på Storhaug, 3 km frå Leirvik og litt til om eg skal opp i Knutsaåsen.
Skal eg til Heiane vert vegen lengre. Lengre enn frå Sagvåg. Og Heiane er jo det faktiske handlesenteret på Stord. Og ei av dei næraste bygdene til handlesenteret er Valvatna, som vert rekna til Sagvåg.
I Nordbygdo finst det mest ikkje handel. Ein einaste butikk. Heilt utan konkurranse. Han er ikkje særleg stor heller, etter dagens mål. Her finst verken fastlege eller tannlege. Det er ikkje ein einaste serveringsstad mellom Bakeriet Frugård og Fitjar Fjordhotell. Det er ei mil til Heiane. Det er ikkje bensinstasjon, kioskar av noko slag, ingen offentleg tilgjengelege møtestader verken for unge eller gamle, som eg veit om. Ikkje fritidsklubb eller kultur- og fritidstilbod utanom idrett.
Framleis står Samhald der, men den er som oftast stengd, eller brukt til lukka lag.
Då eg kom til Stord og flytta til Haga, var Lærarskulen staden me drog til for både konsertar og teater, og torsdagen dansa me i Samhald. Det var butikkar, bokhandel, post og lege. No er det lite som trekkjer i den retning. Eller ingenting.
Men det bur mykje folk i området. Og det er ein høgskule der. Landets eldste lærarutdanning, faktisk. Ei lærarutdanning som no ligg på sotteseng, og ei barnehagelærarutdanning og sjuikepleiarutdanning som gjer det same. For å vera heilt ærleg og realistisk, så ligg vel heile høgskulen snart på lit de parade, og heile utdanninga er sentralisert til Bergen eller Haugesund.
For tenk deg då, kva ville du gjort om du skulle søkja studieplass og valet stod mellom Bergen, Sogndal og Stord t.d.? Det bur ikkje mykje fleire folk i Sogndal sentrum enn det bur i Nordbygdo, vel 4000, men kva har sogndølane av tilbod? Det aller meste. Og meir enn det Leirvik har. For ikkje snakka om Bergen. Det seier seg sjølv.
Flyttar du til Rommetveit for å studera er det to km til næraste butikk, og 5,5 km til nærmaste halvliter, viss det er det du har lyst på. Og det har jo mange, stundom. For då treff dei folk og blir kjende med lokalbefolkning osb osb. Kanskje kan du lytta på ein aktuell artist medan du drikk halvliteren òg,
Skal studentane til Vikjo må dei anten ta taxi eller kjøra bil, kollektivtilbodet på Stord er ikkje noko å hoppa i taket for, det veit alle. Eller dei kan sjølvsagt gå eller sykla, men heilt realistisk, berre dei færraste orkar det etter ein kveld på by’n.
Då kan du like godt bu på hybel i Haugesund og kjøra att og fram til Rommetveit.
Ja, du vil t.o.m. ha mykje betre tilbod på fritida i Sagvåg.
Dette er ikkje eit argument for å flytta den vakre og tradisjonsrike lærestaden (campus som er det meiningslause ordet som vert brukt no) frå sin historiske tilhaldsstad til Leirvik. Det er ikkje plass til ein ny og moderne høgskule i Leirvik, etter det eg kan fatta.
Nei, dette er eit argument for å byggja ut tilboda i Nordbygdo. Tilbod på alle nivå. Det vil tena både dei fastbuande nordbygdarane og dei som kjem der for å bu nokre år.
Jo, dei har nok rett desse to som kom bort til meg på Leirvik. Nordbygdo vert rekna som ein del av sentrum. Og difor gløymd. Men ho er jo ikkje det. Det kjem dessutan nett an på kor du reknar sentrum for å vera. Og Nordbygdo må få sitt eige sentrum som folk der kan søkja til.
Eg trur me som politikarar må byrja å venda blikket innover, og innover betydde, då eg flytta til Stord, i retning Rommetveit. Skal me halda på høgskulen i framtida, må me styrka nærmiljøet til lærestaden og bidra til å skapa fleire tilbod for alle, både unge og gamle som bur nord for bekkjen.
Eg skriv dette heilt for eiga rekning, utan å ha teke det opp i partiet mitt. For eg var samd i dette som desse to eg snakka med tok opp og spurde om, og lova dei at eg som lokalpolitikar skal løfta det fram. Og ein lovnad skal ein stå ved. På same måte som Sagvåg har sine tydelege talspersonar i lokalpolitikken, er det på tide at også nokon tek ordet for Nordbygdo. Eg vil gjerne vera ein av dei.
Atle Hansen
4. plass på Stord SV si liste