… men å få syngja litt
Eg har vore på valmøte på Sagvåg skule. Vel, ikkje valmøte, då elevane er for unge til å røysta, så heller eit møte der partia fekk seia litt om seg sjølv, og svara på spørsmål frå elevane. To minutt kvar fekk me til å snakka om partia, og det er jo ikkje så mykje for oss taletrengde, men langt nok til å få fram både nokre skilnader og likskapar, men så kort at det nok for mange kan ha vore meir forvirrande enn oppklårande.
For me vil jo mykje av det same. Og det sa eg, og at i kommunestyret vert me ofte samde.
Men me har ulike måtar me vil gå fram på, og me har ulike prioriteringar og ikkje minst ulike måtar å finansiera tiltak og tilbod på. Og så har me nokre grunnleggande ulike syn på korleis eit godt samfunn skal organiserast og finansierast – eller beint fram, kva som er eit godt samfunn.
Det siste sa eg ikkje, for det fekk eg ikkje tid til.
Men eg har tenkt litt etter at eg kom heim.
FrP og Høgre presiserte i sine innlegg t.d. at dei ville at folk skulle betala mindre skatt, eller som dei sjølv seier folk skal få «ha meir av pengane sine sjølv, slik at dei sjølv kan bestemma korleis dei vil bruka pengane.»
Lettvint og lurt å seia, sjølvsagt. Alle vil jo det. Meir pengar er bra! Det vil me ha!
Men så er det ikkje heilt greitt heller, for altså, dersom du betalar skatt til fellesskapet, er det det same som å kasta vekk pengane, har du ikkje sjølv nytte av dei då?
Jo, sjølvsagt og på same vis som dei som kanskje tener mindre enn deg, og difor betalar inn litt mindre, har det. De har same rett til dei same offentlege tilboda, anten dei er gratis eller sterkt subsidierte, anten de tener grovt eller må grava i lommeboka etter pengar til mat.
Det er jo det smarte med skatt og samfunn og samarbeid, at ved å betala inn etter evne til felleskassa så får alle mykje meir tilbake, og du får ta del i tilbod og greier som du aldri hadde hatt råd til utan. Ja, dersom du ikkje er rik då, då kan du kjøpa deg desse tenestene. Men rike er jo dei fleste av oss ikkje.
Ikkje kvar for oss, men i saman er me det. Då er me blant dei rikaste i verda.
Difor bur me då også i eitt av dei beste samfunna i verda å bu i. Fordi me deler på det meste, fordi me spleisar på ting, fordi me synest at naboen vår skal ha det like bra som me sjølv har det.
Di meir me betalar inn til fellesskapen, etter evne, di meir pengar har me å dela på, og di betre får alle det saman, dersom me deler rettferdig.
Personleg tykkjer eg ikkje eigedomsskatt er så hakkande gale, ikkje så lenge eg veit at desse kronene er med på å gjera Stord til ein betre kommune å bu i. Me i SV vil at 1% av denne skatten, ein halv million kroner, skal gå til lag- og organisasjonar. Det må jo vera bra for alle.
På møtet eg var på i Sagvåg, var sjølvsagt både elevar og parti opptekne av tilboda i Sagvåg. Eg sa som sant var at me ikkje har eit eige sagvågsprogram, men me vil jo at folk der har same tilboda som i resten av kommunen.
Stord er liten og kompakt. Mykje betre busstilbod, gjerne gratisbuss til alle, og særleg ungar og ungdom, ville gjort det lettare å bruka fellestilboda både på Vikjo og på Nysæter og i Nordbygdo.
Men gratis tilbod kostar pengar som fellesskapet må betala, og då treng fellesskapet å få pengar frå oss som får tilboda gratis. Lurt.
Eg sa det ikkje nett slik, men eg meiner det.
Og til slutt i dette møtet tok Frp og Industripartiet til orde for ny pleieheim i Sagvåg, slik at dei pleietrengande får bu i heimbygda si og ikkje må heilt til Leirvik, og det vert kortare veg for pårørande å gå på besøk.
Kan de ikkje slutta å seia slikt, som de veit ikkje er rett?
Det er ikkje kva bygd du bur i som avgjer kor du får bu på pleieheim, men kor det er ledig sengeplass til deg. Så om det vert bygd pleieheim i Sagvåg er det ikkje sikkert det vert einaste sagvågar som får bu på han, det kan like godt vera folk frå Børtveit og Mehammar – og då får dei pårørande skikkeleg lang veg når dei skal på besøk. Det verste er at alle må venta lenger til denne pleieheimen står ferdig, viss han ikkje blir bygd i Knutsaåsen.
Me fekk også spørsmål om korleis me som politikarar kunne gjera skulen meir morosam for elevane. Det var ikkje måte på kor mange gode forslag som kom frå dei andre partia. Då det kom til meg, var alle dei kjappe svara brukte opp. Difor måtte eg seia det som det er, eg kunne ikkje lyga heller. Eg veit ikkje korleis dei skal få det meir morosamt, men eg vil gjerne gi skulane økonomisk rom for å gjera det kjekkare og betre på skulen. Eg sa også at eg ikkje synest alt skal vera morosamt alltid, eg synest at folk, og særleg ungar, skal få kjeda seg, ha det skikkeleg kjedeleg. Først då kan dei vita kva det er som er morosamt.
Eg skulle sjølvsagt ha svara det evig sanne svaret: Lesa og skriva og rekna er bra, men å få syngja litt, det gjer deg glad.
Og aller gladast vert me når me syng saman med andre.
Atle Hansen
4. plass på Stord SV si liste til kommunevalet.