SARGASSO

«Hald dykk fast, for no seier eg det rett ut: Sargasso er første økologiske roman i ny norsk litteratur.»

Karin Moe har nylese den første romanen min, 20 år etter at han kom ut.

Sargasso er tittelen på Atle Hansens 1. roman for vaksne lesarar. Den kom i 2003, på Samlaget. Innan den hadde Hansen levert fem barnebøker. No var han klar for ein vaksenroman. Men var og er lesarane klare? Er de klare?

Lesarane må heilt til siste sidene i romanen før dei kjem på sporet av kva slag roman dei har lese. Sargasso.For det er då det muligens går opp for den røynde lesar at dette slettesen ikkje er ein heimstadroman frå Sunnhordland og Haugesund, slik den også kan lesast. Bevares! For her dukkar ikkje berre ord som «hesplatre» opp og utrykk som: «ho saup etter anden, som ho ofte pla seia». Ein velkjend geografi og ulike habitat utfaldar seg som: Vikjo, Turnhallen Sletto, Espevær, Festiviteten i Haugeusnd og Hotell Limbo og så vidare. Vidare? Til Sargasso.

Lesaren må godt uti romanen før forteljaren gir seg til kjenne, som «genetisk potensiale», dvs. enno ikkje fødd. Genetisk potensiale. Ikkje nok med det, forteljaren er namnlaus og det sjølv om han framstår i 1. person. Og som ikkje det er nok, har det elskande paret som er hovudpersonar heller ikkje namn. Han, som er sjømann, lik ålen, er representant for hannkjønnet og blir regionalt gjenkjent som nordlending, men viser seg å vera forvilla frå Finnmark habitat. Svart som ålen i Atlanteren på veg til Sargasso undersjøiske skog for å yngla og døy, er vår hann av dyrearten menneske. Også han har funne vegen sydover til kvinneartens habitat på Vikjo i Sunnhordland. For der å yngla og døy? Denne parallelle naturens lagnad burde me ha funne ut tidlegare enn på romanens siste sider, for å skjøna kva for roman me her har med å gjera.

Ho og han i kjærleikssoga er med liten bokstav, såleis ligg dei tettare naturens språk enn hos Jon Fosse. Ingen av dei har store bokstavar i ho og han. Ho er frå habitatet Vikjo og glad i lått og løye. Han les bøker og forlet difor habitat Finnmark.

Hald dykk fast, no seier eg det rett ut. Sargasso er første økologiske roman i ny norsk litteratur. Difor er den skriven som den er, duvande og brunstig som ålens vandring i dette ynglande språket med underliggjande meta-strøm: Sargasso.

Sjømannen som aldri meir vil koma heim til jul fordi han bli fanga i merdane til kvinnekjønnet på Vikjo, legg globale linjer: Antwerpen, New York, Rio de Janeiro og så vidare. For ein roman føre si tid! Her får menneskearten sitt naturlege pass påskrive. Her debuterer ein avantgarde forfattar og ingen har visst det. Før no.

Tilråding: Sargasso må ut i nye opplag. Og det blir vel eg som får skriva forordet? Lukke til, Atle Hansen. Og lukke til, Samlaget.

Holevegen 57A,s 10. desember 2023.

Karin Moe.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.