Seksåringen Johann i lyskjegla frå mora si hovudlykt. Dei er og skeisar på Straumen i Hystadmarkjo. Straumen er ei grunn innfløingstjørn med brakkvatn. Ho er siste resten av det sundet som gjekk mellom Hystad og øyane austanfor. Difor er ho freda, og naturen skal gå sin gang slik at ho ein dag er borte og blitt til skogbotn.
Straumen får sjøvatn inn frå Valevågen. Det er ein gammal kastevåg, fortalde Isak Grov meg ein gong. Brislingen vert framleis jaga inn av lyr der på seinsommaren, men no kjem ingen fiskarar og fangar han i nøter. Vestsida av Valevågen er sprengt vekk og gjort til kaiområde for Leirvik AS, «Sveisen», altså. Då vart både fugleberg, ei stor bronsealder-grav og ein populær badeplass øydelagde. På austisda av vågen er det framleis ei ganske intakt gravrøys.
Går du langs land utover på austsida av Valevågen, utover mot Valeodden, kjem du til sundet som skil neset frå Valøya. Utanfor Valøya ligg Midtøy/Møyno/Fyrøyo (kjær øy med mange namn) og ytst ligg Ytstøya. Ved sveisen er Husøya. Desse øyane er restane av eit lang rekke øyar og holmar som strekte seg heilt til og med Hovaneset i bronsealderen.
No vil altså eigarane av Valøya omregulera denne, fjerna skogen, planera og flata ut og gjera det til industriområde. Industrien i nærområdet applauderer. Her kan det både bli djupvasskai og industri.På hi sida av fjorden sit nokre halsnøybuar og vil ha ferjestø der.
Sunnhordland har spurt politikarar og tidlegare ordførar, Gaute Epland (Ap), seier at slike planar må me vurdera, for me treng næringsareal nær sjø. Me må vurdera det. Så får me ta stilling seinare. Reinert Svanberg (Frp) seier det same, me treng industriareal ved sjø. Det må utgreiast. Varaordførar Kyvin (H) er samd.
Berre Geir Angeltveit i Venstre har sagt klårt nei, i ein kommentarpå Facebook.
Dei andre vil ikkje avvisa det. Ikkje før det er vurdert og planlagt og så kanskje regulert. Ikkje før prosessen alt er i gang, altså. Å ta eit klårt standpunkt for vern er uaktuelt.
Eg ser Hystadøyane frå stoveglaset. Eg er der ute mellom dei ofte i båt. Eg likar å dorga lyr ved Pottefluo og eg set teiner og garn der. Eg er ikkje aleine, me er ganske mange som driv med slikt. Eg veit både kor piggvaren ligg, raudspetta òg, og eg veit om hummarplasser. Eg veit kor havørna sit i trea og kor hegren har koloni. Gauken veit eg ikkje kor er, men eg høyrer han kvar vår ute frå øyane.
Me må vurdera om ikkje dette må fjernast, seier leiande politikarar. Men ikkje med reine ord. Det må greiast ut av administrasjonen før me tek stilling til om me treng å ta vare på dette.
Gauk treng vel ingen. Dei øydelegg jo berre for andre.
Piggvar og hummar kan flytta på seg, ørn og hegre og, dei kan jo fyka, tenkjer dei vel. Hummaren får faktisk endå fleire urer å gøyma seg i (uff, den tanken burde eg ikkje ha sett dei på).
Næringsanlegg og ferjestø treng vegar og tilkomst. Det må byggjast kaiar, det må fyllast att. Valesundet ryk nok med og skogen på Valeodden, veg må leggjast, brei veg helst. Kor skal den enda, i tunnel under Storhaug og Hystad? I alle tilfelle må Straumen vika. Den skal jo vekk likevel.
Me treng ikkje venta på naturens gang. Fyll ut. Men her er naturreservat og myr? Myr har me nok av, naturreservatet treng ikkje vera så stort, og kva skal me no me den der svartoren?
Nei, kva skal me no med natur når me treng næringsareal ved sjø? Me kan i alle fall ikkje berre seia nei, ikkje før me har har vurdert og regulert.
Jo, me kan det. Me kan seia nei alt no. Eg kan i alle fall. Nei, seier eg. Høgt og tydeleg.
NEI.
Godt tenkt og skrive, og vonaleg tankevekkande for dei utbyggingskåte som etter kvart burde forstå at natur, miljø og biologisk mangfald har ein verdi i seg sjølv. Ja, ikkje berre det, men livsviktig for at artene, menneska inkludert, skal ha ei leveleg framtid her på kloden.
Godt skrive! No må me setta foten ned.