bokmelding
av Jan Willy Folgerø-Holm
Boka er ein roman, men er også ei samtids- og samfunnskildring som heldt vatn.
Atle Hansens forfattarskap held seg i eit kjend geografisk landskap. I somme bøker er det heilt tydelig, i andre er det meir diffust. Men stort sett går bøkene hans føre seg i det eg vil kalla «Sunnhordlandsarkipelet».
Også romanfigurane kan me kjenna att. Nei, dei er ikkje skildra rett ut, men ulike trekk hos menneska i bøkene er kjennelege. For dei som har sansen for slikt er det nok lett å leita etter slike spor.
Eg skal ikkje røpa korleis det går, men boka har element av spaning i seg, og det er mange strålande skildringar.
Slik kan ein saktens også lesa boka om Valmond Komb. For kven har vel ikkje opplevd ein i skuleklassen som berre forsvann, og som etterkvart også forsvann ut av minnet, men som dukkar opp så mange år seinare at ingen kjenner vedkommande.
Men etter kvart som ein les boka, dukkar det opp ulike aktuelle samfunnsspørsmål. Einsemd, fråflytting, nettroll, innvandring, kvinnemishandling og uforløyst kjærleik. I tillegg har media sitt ubarmhjertige jag etter sensasjoner, fått sin plass. Alt dette «hopar» seg opp over den stakkars Valmond.
Eg skal ikkje røpa korleis det går, men boka har element av spaning i seg, og det er mange strålande skildringar.
Min favoritt i så måte er dialogen mellom den demente faren og den heimkomne sonen som han ikkje har sett på mange år. Også uroa han føler for å bli oppdaga som nettroll, er skildra slik at uroa smittar.
Boka er ein roman, men er også ei samtids- og samfunnskildring som heldt vatn.
Absolutt verd å lesa.
Nokre svake parti, men det har jo til og med Jon Fosse i si litterære verksmed.