Gamle menn, som eg

Krigen i Gaza har gått sterkt inn på meg, som han har gjort med mange andre. I november skreiv eg denne viseteksten.

GAMLE MENN SOM EG

Bomberegn på fjernsynet, krigshundane gøyr

Stridsvognene rullar, born og gamle døyr

Utanfor vårt vindauga er mørk novemberfred

Månedis i stille kveld, sola har gått ned

GAMLE MENN SOM EG
Bomberegn på fjernsynet, krigshundane gøyr
Stridsvognene rullar, born og gamle døyr
Utanfor vårt vindauga er mørk novemberfred
Månedis i stille kveld, sola har gått ned

Veglysa vert tente, mens natta ligg på vent
 I morgon kjem ein ny dag,
  som om ingen ting har hendt

Ropa frå ruinar, blod og død og vald
Spebarn som vart drepne av bombene som fall
Maktesløysa bit i meg, sorga brenn som eld
Månegull på fjorden, kald novemberkveld

Veglysa vert tente, natta ligg på vent
I morgon kjem ein ny dag
Som om ingen ting har hendt

Dei som startar krigar, dei er gamle menn som eg
Dei som bombar ungar, dei er gamle menn som eg
Dei sender ungdommar  i krigen til drap og eigen død
Gamle menn som gøymer seg mens barn og unge blør 

Veglysa vert tente, mens natta ligg på vent
I morgon kjem ein ny dag
Som om ingenting har hendt


Ei lita grøn lanterne på svart og stille fjord
På himmelen ei stjerne som viser veg mot nord
På netthinna er blodbilde frå krig i sør og aust 
Ein  svart fugl flaksar heimover i mørkna, tung og taus

Veglysa vert tente, mens natta ligg på vent
I morgon kjem ein ny dag
Som om ingenting har hendt

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.