Tankerekkje ved eit kafebord medan eg les i ei bok av Cecilie Løveid, Vandreutstillinger, og kjem på noko eg las tidlegare same dag om kva menn i Noreg røyster på.
Men kvifor skulle det ikkje vera ein maskulin verdi, å sitja på kafé og lesa dikt av Cecilie Løveid om Gudrun Ensslin, medan eg drikk dobbel café latte,som rett nok var litt for kald då eg fekk han, og ikkje glovarm slik eg likar å få han servert,slik at han kan kolna i koppen medan eg les og den siste supen er nett passeleg lunka,og tenkjer på noko eg las tidlegare i dag til frukost-teen, for eg drikk stundom te som frukost no, ikkje til, men som, med ein liten dash mjølk i, og les avis på nett, oftast Klassekampen, og i dag las eg at 58% av alle unge menn, eller var det alle menn?, røysta Høgre eller FrP ved sist lokalval, og at svært få menn røystar sosialistisk som eg, ikkje ein gong Ap er nok til høgre for desse unge, som eg skjønar har andre ideal og draumar, enn meg, og krav til livet og samfunnet, viss dei trur på samfunn i det heile, i alle høve ikkje slik eg meiner det samfunnet skal byggjast opp, og dei droppar skulane har eg lese, eller heng etter på prøvane, og dei gir vekk jobbane som menn før hadde til skuleflinke jenter som har lese og studert til dei er blitt tynne som strekar, nokre av dei, for skulen er tilpassa jenter, vert det sagt, dei tolkar dikt i skulen, og det likar ikkje gutar, og dei lærer om samfunn og historie og språk, og dei må rekna, og det ligg visst heller ikkje for gutar, forstår eg, og undrast over kva for slag gut eg kan ha vore, som lånte diktbøker på det vesle folkebiblioteket, hos Tulla som hadde så venleg røyst og vakre døtre, og som let meg låna Jan Erik Vold, William Carlos Williams, Paal-Helge Haugen («Anne»!) og Hans Sande, Strime som trefte meg midt i mellomgolvet, og gjekk heim frå biblioteket og kunne ikkje venta med å lesa, så eg sette meg i hatlane, som me sa, og røykte sikkert litt ulovleg, medan eg las og flirte og stundom ikkje skjønna eit ord av det som stod der, men det var fint likevel, og eg var berre 14-15, og ville ikkje til sjøs, men på skular og bli til noko, som eg aldri blei, og eg fekk nye syn på livet og nye innsiktar, kanskje, av dei som skreiv, som alle var menn og hadde vokse opp i mannsdominerte samfunn, og eg las aldri bøker av kvinner, slik eg gjer no, og eg vart ein del av ein straum, eller ei bølgje, ei rørsle som ville vekk frå det maskuline samfunnet som var tufta på verdiar og menneskesyn eg lærte å mislika av lesinga mi, av samtalane med andre gutar, og jenter, og eg gjekk i tog for likestilling og bar klede med kvinnesakssymbol og trudde at det likestilte samfunnet ville frigjera alle til slutt, men gjorde det det? vart det likestilling? fekk me andre verdiar, eller var det berre eg og slike som meg, som ikkje greidde å sjå og følgja med, og som aldri fekk til å forstå at kunst ikkje kan vera for menn, dikt berre er for kvinner å lesa, men mange menn å skriva, for det er ikkje maskuline verdiar, dei er store bilar,dei, breie vegar, lite skatt, eg åleine, åleine eg, fotballmilliardærar med luksusfly, framandfrykt og utestenging, skatteflukt, klimaskepsis, store dieselbilar og kva det er for noko dette maskuline, sag og hammar, sveisetong og gravemaskin, og som manglar i dette feminine samfunnet som ikkje fører til nok sex og samliv for gutane som stemmer FrP og Høgre og luktar parfyme og set håret opp i hestehaler eller dultar slik konene i bedehuset gjorde før, og røystar på Solberg og Listhaug i håp om at dei kanskje kan tilfredsstilla lengslene deira om meir maskulinitet og fleire villige damer, og eg flirer litt med meg sjølv av den siste tanken, og ser meg om i kafeen, der det mest berre er kvinner, utanom eit par menn eldre enn meg med kaffikoppar og einsleg-blikk, og eg vender tilbake til Cecilie Løveid og slår opp på ei side der ho skriv om poeten Sigbjørn Obstfelder som teikna bruer i Milwaukee: Ingeniør var moteyrket den gangen. Ingeniører var de mest sexy typene. Menn bygget den nye verden. Skriv Løveid, som eg alltid før har streva med å lesa, men ikkje her på kafeen, og så tenkjer eg då på ny kvifor er det ikkje ein maskulin verdi å lesa dikt og kvifor er det så unyttig å læra å tolka dei, og det mest mystiske av alt, kvifor røystar unge menn på Erna Solberg og Sylvi Listhaug?