Gøymt og gløymt mellom store saker som skulestruktur og pensjonsordning skal Stord kommunestyre førstkommande torsdag handsama «Vannverket» si framtid. Kommunedirektøren rår til at demninga vert riven og området vert «ført tilbake til naturen».
Dei to andre alternativa er: 1 å byggja ny demning og bevara området slik det var før dammen vart tappa ned. 2 byggja ein mindre demning og slik få ein mindre dam, som i alle fall vil gjera at den raudlista planta soleigro kan leva vidare der.
Til saka ligg det verken ved teikningar/planar for korleis området vil sjå ut etter at dei ulike alternativa er gjennomførte, eller økonomiske kalkylar. Det einaste me får vita er at det ikkje er monaleg dyrare å byggja ny demning i full storleik, enn å redusera denne. Ikkje noko om konsekvensar for mogeleg bruk av dammen til leik og rekreasjon som før, eller kva tilbakeføring til naturen (som er kommunedirektøren sitt framlegg) vil føra til for forekomsten av soleigro. Ei plante Stord kommune ha særskilt ansvar for å ta vare på.
https://www.sunnhordland.no/meiningar/i/pPAbv6/vannverket-ogsaa-eit-sentrumstiltak
Då framlegget om fjerning av Vannverket først kom opp, var det mange protestar og diskusjon. No er det heilt stille. Kommunedirektøren meiner den økonomiske situasjonen til kommunen ikkje tilseier ny dam. Fleirtalet i komiteen for byutvikling er samd. Folk som før protesterte er vel kanskje også samde, eller dei er redde for at om ein byggjer Vannverket kan det ha konsekvensar for bevaringa av Leirvik skule.
Å fremja desse sakene samstundes er i alle fall «lurt» om ein ikkje vil ha oppstyr om den som lettast går gjennom.
Eg meiner at kommunestyret bør utsetja saka til konsekvensane av dei ulike alternativa er betre gjort greie for. Eg skjønar at kommunen står i ein vanskeleg økonomisk situasjon, men ein må kunna vurdera ulike alternativ for å gjenoppbyggja Vannverket.
Alle ønskjer vel å byggja opp eit sterkt, godt og triveleg sentrum. Me ønskjer at folk i alle aldrar skal trivast i arbeid, skule og fritid. Vannverket har vore ein ressurs for folk i området som både bade-, skeise- og turområde. Ein oase midt i sentrum.
Me treng slike oasar, me treng stader der me kan ha det både fint og kjekt, der me kan leika og le, slappa av og kontemplera. Like vel som me treng arbeid og skular, butikkar og kommunikasjonsårer.
Å reetablera Vannverket er også eit miljøtiltak, til gode ikkje berre folk, men også for fisk, planter, fuglar. Ved å leggja det endå betre til rette som park og rekreasjonsområde, vil det vera med på å gjera Leirvik og området rundt meir attraktivt å bu i. At ein komité for byutvikling kan gå i mot å finna måtar å finansiera dette på, er jo fullstendig uforståeleg.
Å fjerna Vannverket og samstundes vilja leggja ned Leirvik skule, kan ikkje eg sjå som anna enn direkte åtak på sentrum og tiltak for å svekka dette. Eg håpar difor at Stord kommunestyre vel å utsetja saka til ho er betre dokumentert og til eit møte der ho ikkje må tevla om merksemda med skule og pensjon, men mest av alt håpar eg at kommunestyret går imot kommunedirektøren og fleirtalet i komiteen for byutvikling og vedtek reetablering av Vannverket.