Om forteljingar og politisk teater

Å skapa si eiga forteljing, vert det kalla i dag, når politikarar freistar å framstilla sitt samfunnssyn/sine handlingar og avgjerder på ein forståeleg og overtydande måte. Gjennom denne forteljinga vil dei vinna veljarar på si side, for det dei fortel verkar så fornuftig, så tilforlateleg og så sant. Forteljingane skal stilla forteljaren i eit godt lys.

Eit av ei viktigaste verkemiddela til ein kvar forteljar, romanforfattar, politikar eller kunstnar, er å velja kva ein skal utelata frå forteljinga. Ikkje eingong den mest fotorealistiske målaren kan få med alt han ser i eit bilete. Hen kan berre ta med det som er plass til innanfor ramma og det som lyset viser. Det som ligg i skuggane ser du ikkje. Men kjenner du staden som er motiv for biletet, kan du likevel vita kva som gøymer seg i dei mørke flekkane og utanfor det medvite valde utsnittet som vert presentert deg. 

Eg har tenkt tenkt på dette i sist kommunestyremøte og i det etterfølgjande ordskiftet i media. Reinert Svanberg, mannen med elite-utdanning i Frp-politikk, har ikkje berre lært partiprogrammet og liberalistisk ideologi på elite-seminaret. Nei, Svanberg har også lært korleis han skal omskriva røyndomen og å laga forteljingar som både gjer meiningsmotstandarane til låtteløye og til løgnarar. Dette gjer han ved å utelata frå forteljinga si, det som ikkje passar innanfor hans valde rammer.

SV driv med 100% politisk teater, får han seg til å seia. Hilde Hauglid set Hamna og lågterskeltilboda i fare.

Korleis gjer ho det? Jo, ved å be om at desse tilboda vert verna.

Kven kan eit verna offentleg tilbod vera til fare for? Dei private aktørane, som Svanberg og hans liberalistiske kampfeller, troikaen Framnes, Kyvik og Angeltveit, kjempar for at skal få overta offentleg velferd. Dette som er det underliggjande plottet i deira forteljing, vert skuggelagt og utelate når det er nødvendig, men kjem tydeleg fram i vedtak og forsnakkingar.

«Viss me vernar Hamna, må eg røysta imot Fontenehuset», sa ordførar Framnes, og avslørte kva dette eigentleg handlar om. Så avviste han heile saka, fekk resten av koalisjonen med seg, sette punktum for forteljinga og stansa Høgre si lause kanon frå å fyra laus.

I dagane etter er dette blitt utelate frå koalisjonen si forteljing. Ved å gå imot å verna Hamna, vil me oppretthalda Hamna, seier dei høgt. Dei vil berre konkurranseutsetja det først,  eller vurdera det opp mot kva det kostar oss å ha Fontenehuset, les me andre mellom linjene.

Og medan ordskiftet går føre seg og han og dei andre i den stadig blåare koalisjonen røystar for å avvisa SV sin interpellasjon, sit Geir Angeltveit heilt stille og vil ikkje fortelja noko som helst. I alle fall ikkje at han om eit par dagar skal veljast til styreleiar for Fontenehuset. Det skal han fortelja til Sunnhordland når den tid kjem.

Slik sluttar mi forteljing.

Atle Hansen

Stord SV

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.