Eg likar vinteridrett. Eller har likt. I alle fall betre enn no. Best har eg alltid likt skihopp. Så lenge eg han hugsa har dette vore min favorittidretten. Då eg var liten klypte eg ut bilete av skihopparar frå Haugesunds Avis og limte dei inni ei bok. Helmut Recknagel, Veiko Kankkonen, Airto Hyvärinen, Toralf Engan, Torgeir Brantzæg, Bjørn Wirkola og mange andre. Dei var så flotte der dei låg strake over skia. Først følgde eg renna på radio, så fekk me fjernsyn og eg fekk sjå dei sveva med armane på baklomma, skia samla og kroppen strak som ein strek, og nokre som framleis strekte armane fram.