Atle Hansen sin blogg om kunst, kultur og samfunn

Denne bloggen er skriven, redigert og fotografert av eg, Atle Hansen, forfattar, visesongar og -diktar og journalist. Tidlegare var eg journalist i Sunnhordland i nesten 30 år. Eg har gitt meg der, men har framleis skrivelyst, meiningar og trong til å uttrykkja meg om slikt eg er oppteken av.

Difor denne bloggen som er heilt for mi eiga rekning.

Morgonsol over Hystadøyane, moloen og Storddøra.

Namnet Storden har eg teke frå det ordet alle før brukte om det mange i dag kallar Stordøya, og som nokre framleis seier – Stor’en, altså – med stum d. Eg synest namnet må komma til heider og vyrdnad att.

Eg hadde i utgangspunktet tenkt å berre å skriva om saker frå Stord, men det greier eg sjølvsagt ikkje å halda meg til.

Kunst, kultur og samfunn – og livet elles.