Alle innlegg av Atle Hansen

NOKRE TANKAR OM KULTURLIVET HER I FERJELAND

Fullt hus og stor jubel for Pink Floyd framført av eit fabelaktig ensemble fra Kvinnherad.

I går var eg på konsert i Stord kulturhus med Stjernekamp-vinnaren Odd René Andersen og band. Nesten fullt og jublande hus. Den råaste konsert eg har vore på sa ein av dei godt vaksne i publikum då eg møtte han etterpå. Han var gammal nok til å ha vore på mange råe konsertar.

Godt vaksen, ja. 

Eldre enn meg og eg er snart 70, og det var den aldersgruppa som var i fleirtal, slik det også var på den eminente og stappfulle Pink Floyd-konserten for nokre veker sidan og på den like stappfulle og like eminente teaterframsyninga «Et glass til».

Les meir om NOKRE TANKAR OM KULTURLIVET HER I FERJELAND