Tankerekkje ved eit kafebord medan eg les i ei bok av Cecilie Løveid, Vandreutstillinger, og kjem på noko eg las tidlegare same dag om kva menn i Noreg røyster på.
Les meir om MaskulintKategoriarkiv: Ymse
NOKRE TANKAR OM KULTURLIVET HER I FERJELAND
I går var eg på konsert i Stord kulturhus med Stjernekamp-vinnaren Odd René Andersen og band. Nesten fullt og jublande hus. Den råaste konsert eg har vore på sa ein av dei godt vaksne i publikum då eg møtte han etterpå. Han var gammal nok til å ha vore på mange råe konsertar.
Godt vaksen, ja.
Eldre enn meg og eg er snart 70, og det var den aldersgruppa som var i fleirtal, slik det også var på den eminente og stappfulle Pink Floyd-konserten for nokre veker sidan og på den like stappfulle og like eminente teaterframsyninga «Et glass til».
Les meir om NOKRE TANKAR OM KULTURLIVET HER I FERJELANDOm nedlegging av linjer i den vidaregåande skulen
Det er ei vanskeleg sak dette. På eine sida, eg kan forstå at når fylket byggjer nytt stort skulebygg for vidaregåande skule i Stord kommune, er det rasjonelt å flytta undervisningstilboda i Fitjar dit. To vidaregåande skular på ei relativt lita øy, er kanskje i overmåte med nedgåande elevtal og svekka økonomi.
Les meir om Om nedlegging av linjer i den vidaregåande skulenEg er Valmond Komb
bokmelding
av Jan Willy Folgerø-Holm
Boka er ein roman, men er også ei samtids- og samfunnskildring som heldt vatn.
Atle Hansens forfattarskap held seg i eit kjend geografisk landskap. I somme bøker er det heilt tydelig, i andre er det meir diffust. Men stort sett går bøkene hans føre seg i det eg vil kalla «Sunnhordlandsarkipelet».
Les meir om Eg er Valmond Komb