Å skapa si eiga forteljing, vert det kalla i dag, når politikarar freistar å framstilla sitt samfunnssyn/sine handlingar og avgjerder på ein forståeleg og overtydande måte. Gjennom denne forteljinga vil dei vinna veljarar på si side, for det dei fortel verkar så fornuftig, så tilforlateleg og så sant. Forteljingane skal stilla forteljaren i eit godt lys.
Les meir om Om forteljingar og politisk teaterKategoriarkiv: Politikk
Vannverket – også eit sentrumstiltak
Gøymt og gløymt mellom store saker som skulestruktur og pensjonsordning skal Stord kommunestyre førstkommande torsdag handsama «Vannverket» si framtid. Kommunedirektøren rår til at demninga vert riven og området vert «ført tilbake til naturen».
Les meir om Vannverket – også eit sentrumstiltak100 dagar att til valet
100 DAGAR TIL VALET
For fire år sidan stilte eg for første gong til val til kommunestyret i Stord. Eg stod på 3. plass på SV si liste. Det var også den plasseringa eg fekk då røystene vart telte opp. Me fekk to inn i kommunestyret. Eg vart første vara, både til kommunestyret og til utvalet for rehabilitering, helse og omsorg, som i nyspråk vert kalla berre RHO. Etterkvart rykte eg opp til fast representant i kommunestyret og har møtt meir eller mindre fast i RHO òg.
Det har vore lærerike år. Eg har både lært om kommunepolitikk og kommunal administrasjon, om planar og økonomi, og fått sjå andre politikarar og parti sine synspunkt på nært hald. Eg har måtta bryna mine eigne tankar og vurderingar, eg har måtta gå på gruppemøte i mitt eige parti, noko eg aldri har gjort før, eg har måtta lesa sakspapir som ikkje alltid er like spennande og godt formulerte, og gjort anna som følgjer med oppdraget som representant i kommunestyret. Ikkje alt har vore like spennande, men det har vore lærerikt.
Mest av alt har eg lært nytt om meg sjølv.
Les meir om 100 dagar att til valetDette trur eg på
Eg trur på mangfald, medverknad og deltaking,
og at det skal vera plass til alle
i eit ope demokratisk samfunn.
Eg trur på likskap, rettferd og menneskeverd,
solidaritet, samarbeid og samkvem
og at alle skal nyta godt av fellesgoda. Les meir om Dette trur eg på