Om bøker og lesing

Gleda ved ei god bok

 

Eit av mine første minne, og eg trur ikkje dette er falskt, er at eg låg på armen til pappa og las i eit avis eller eit blad i senga deira på soverommet som var til venstre når me kom opp trappa, og at eg difor ikkje enno hadde fått flytta inn på rommet som låg rett fram og som eg delte med den fem år eldre bror min, altså, trur eg ikkje at eg var stort meir enn fire år, og at det var den hausten eg fylte fem og den to år eldre søster mi hadde nett byrja i første klassen på Skimmeland skule, eller skulle byrja der snart. Å seia at eg las er vel å ta hardt i, eg lærte meg bokstavar. Pappa lærte meg bokstavane i titlane i Haugesunds Avis og vekebladet Aktuell. Eg kalla det for overskrifter då, men no jobbar eg i avis og veit at det heiter titlar, sjølv om det eigentleg er overskrifter.

 

Det var slik eg lærte dei første bokstavane. Men å lesa skikkeleg lærte eg i ein ABC som eg anten fekk til jul eller fødselsdagen min den hausten eg fylte fem år. Søster mi var som sagt byrja på skulen, og hadde fått ABC med ein hane på baksida. Ein hane med fantastiske fargar og ei bok med fine teikningar og mange bokstavar – som eg ikkje fekk låna. Så eg fekk masa meg til ei, truleg. Det huskar eg ikkje. Eg huskar berre at eg fekk min eigen ABC og at det var ei av dei få bøkene i huset. Eg kan i alle fall ikkje huska noka bokhylle med mange bøker i, endå pappa hadde vore ein lesehest i yngre år. Han hadde lært å lesa i Snorres kongesagaer og på eit stort kart over Noreg som bestefar hadde på veggen heime, for bestefar var postbud i bygda der dei budde, langt frå folk i ein avsides fjord i Finnmark og måtte streva seg gjennom snø og storm dei åtte kilometrane over fjellet til næraste fiskevær.

 

Bestefar lærte pappa å lesa. Det andre av skulegang han hadde var sju år på ein internatskule i Lebesby og nokre år til sjøs i den tida då dei hadde bokkassar om bord i båtane og på frivaktene over Atlanteren og Nordsjøen las han Ibsen sine skodespel, Jack London sine villmarksbøker, John Steinbeck sine store romanar og Erskine Caldwell sine sosialrealistiske forteljingar om fattigfolk i Sørstatane.

 

Han las nok meir òg, men det var desse forfattarane han sa at eg måtte låna bøker av og lesa då eg vart gammal nok til å gå på biblioteket aleine. Og eg las dei alle, utanom Caldwell som eg enno har til gode, endå pappa sa at ”Tobacco Road” var den beste boka han visste om. Heime fekk me også nokre bøker etter kvart. Pappa kjøpte ein serie om andre verdskrigen og då eg var tidleg i tenåra og kan henda eit par år yngre, las eg Max Manus sin sjølvbiografi, og ikkje minst om Shetlandsgjengen, sabotasjeaksjonen på Rjukan og andre norske heltesoger med handling ti år før eg sjølv var fødd. Eit av dei sterkaste minna var då eg las om legendariske dr Huus som gjekk gjennom den verste torturen og som var ein verkeleg helt og som sette sprøyte i baken på meg då eg hadde lungebetennelse. Bøker og røyndom gjekk over i kvarandre på den tida.

 

Men eg las meir enn dette, eg las sjølvsagt også Hardyguttene og Bobsey Barna og Fr. Detektiv og slikt for noko, ikkje minst Stompa-bøkene og eg las alt eg fekk tak i av americana, Hjortefot, Davey Crocket og den slags og teikneseriar som me kjøpte i ein kiosk i Erikssvingane på onsdagen. Alt mogeleg las eg, og ikkje minst bøker om store oppdagingar både i Amazonas og på dei store hava. Eg gløymer aldri noko eg las i ei bok om Amazonas at dei hadde sett ein slange som var 20 meter lang og fiskar som åt opp ei ku som var så uheldig og detta i vatnet, det tok berre nokre minutt så var berre beingrinda att. I tillegg høyrde eg sjølvsagt på barnetimen. Både den for små og den for store, og det var i den fors store at eg fekk møta Little Lord Fountleroy, De tre musketerer og mange andre spennande bøker.

Når eg vart gammal nok, konverterte eg til Morgan Kane og tjuvlånte nok onkel min sine Clay Allison-bøker også, såkalla sexy westerns, og eg las sjølvsagt alt eg kom over om Larry Kent, den store detektiven. Eg var ustoppeleg. Eg lånte fem bøker i slengen på biblioteket og las i alle på ein gong.

Ein gong mot slutten av sekstitalet såg eg Jan Erik Vold på fjernsyn. Då byrje eg lesa dikt. Vold først, så dei han hadde omsett, og så andre som likna på han, men den viktigaste diktboka eg las var nok ”Strime” av Hans Sande. Han var ikkje så mange år eldre enn meg. Han skreiv på nynorsk. Han skreiv kort og konsist og han skreiv om ting eg ikkje kunne drøyma om at det gjekk an å skriva om. Eg trur det var Hans Sande som gjorde at eg sjølv byrja skriva dikt. Eit par år seinare reiste eg til Storden for å gå på gymnas, der fekk me besøk av diktdebutanten Arild Stubhaug frå Fitjar. Den første levande diktaren eg såg. Sidan kom Ingvar Moe med Løktastolpefrø på etnedialekt og Oskar Stein Bjørlykke skreiv Hans Klure på fitjarmål og eg forstod at mitt eige språk var heilt og fullt godt nok til både å skriva og syngja på.

Me var ein søskenflokk på sju. Me voks opp med same foreldre, men i litt ulike familiar. Då eg fylte fem, hadde eg tre søsken. Då eg vart ti, hadde eg seks. Berre eg og søster mi, som er to år yngre enn meg, vart storlesarar. Dei andre brydde seg ikkje like myke om bøker, trur eg. Ingen av dei hadde lesevanskar, eller tungt for det, som dei sa før, men dei hadde andre interesser. .Men dei kan lesa, viss dei vil og dei gjer det når dei har lyst til det. Slik er det, trur eg. Nokre les , andre les ikkje. Eg veit ikkje om det er så mykje å gjera med det, eller så mykje å bry seg om.

Ein høgskulelektor i norsk fortalde meg at ho hadde spurt norsk studentane sine om kor mange av dei som hadde lese ei bok i juleferien. Ein reiste opp handa. Då ho spurde om kor mange som hadde lese ei bok – utanom pensum – siste halvåret, så var det ikkje så mange som rekte opp handa då heller. Men kan det henda at dei likevel på kystbussen eller ferja, eller flyet til syden, har korta tida med ei pocketbok dei knapt huskar handlinga på når ho er lagt saman? Eller kva om ho hadde spurt om kor mange bloggar dei hadde lese i jula? Eller kor mange julehefte og vekeblad.

 

 

Dei bøkene eg hugsar best frå mi mest intense lesetid er ikkje berre London og Steinbeck, nei, det er villmarksbøkene til Sverre M. Fjeldstad, sportsbøkene til Knut Bjørnsen og dei fantastiske bøkene til Costeau om livet i havet. Også i vaksen alder har eg halde fram med å lesa faktabøker, reiseskildringar, historiske bøker – men svært sjeldan historiske romanar. Eg får ikkje taket på dei, for eg veit at dei bere er oppdikta. Forfattarane berre trur at folk var slik og gjorde slik på den tida ho skriv om, men ho skriv eigentleg om si eiga tid. Nei, då les eg heller historikarar som baserer seg på fakta og gamle bøker som skriv om si samtid.

 

Eg trur det er viktig å definera lesing vidt. Pedagogar, litteraturvitarar, bibliotekarar, dei som har greie på det, bokmeldarar og alle slike vil jo helst at ungar les gode og prisvinnande bøker, som dei sjølv har gitt prisar. Sanninga er vel at mange av desse prisvinnande bøkene ikkje fell i så god smak hos lesarane dei er tiltenkte. Ein god del av dei passar vel best for vaksne.

La ungane lesa det dei har lyst til å lesa. Men sørg for at dei alltid har tilbod om gode bøker i tillegg. Eg trur nemleg at du har meir att for å lesa Dostojevskij enn å lesa kiosklitteratur og populær krim. Eg trur du har meir att av å lesa Rune Belsvik enn masseprodusert underhaldning. Men eg meiner at lesinga av masseprodusert underhaldning kan føra til at du også vil lesa andre bøker, dersom nokon fortel deg om dei, eller dei er tilgjengelege.

 

Å lesa romanar og forteljingar er meir enn å forstå orda og greia å setja dei saman til setningar. Det er også å delta i skapinga av forteljingane. Og det er litt av ei oppgåve. Å lesa eit fleirebands romanverk er ein ganske komplisert jobb som krev mykje tankekraft og hjernearbeid. Du skal forstå, du skal huska, du skal skapa deg bilete, du skal fylla inn det som manglar, setja saman heilskap av bitar, forstå strukturar, sjå føre deg folk osb osb. Det er å delta i denne skapande prosessen som er sjølve lesegleda. Det er eit arbeid og ei glede som står i motstrid til lesekonkurransar og aksjonar som går ut på å lesa flest mogeleg bøker på kortast mogeleg tid. Tjukke bøker og lange, samansette forteljingar, slit i slike samanhengar, men eg er overtydd om at både born og vaksne har godt av å gå i gang med store og lange forteljingar som krev mykje av merksemda og tida deira.

Og dette seier eg som stort sett skrive tynne lettlesbøker. Men me treng dei òg.

Like vel som me treng spenningslitteratur. Difor skriv eg lettlesen spenningslitteratur for det meste.

Det er folk som slit med å få til å lesa. Dei treng bøker, dei òg. Og dei treng gode bøker. Eg skal ikkje seia at bøkene mine er gode, men eg kan seia at eg jobbar grundig og medvite med språket i dei. Eg jobbar med setningsrytme, linjefall, klang og melodi.

For meg er godt språk også ein del av den gode leseopplevinga. Ikkje det at eg trur at så mange lesarar reflekterer over det, men nokre gjer det, og endå fleire trur eg vert forstyrra i lesinga av dårleg språk. Eg vert det i alle fall, ja, så irritert kan eg bli av dårlege setningar at eg ikkje orkar å lesa vidare i bøkene. Eg har prøvd meg på nokre av dei mest kjente krimforfattarane våre, og stundom vorte sjokkert over kor platte setningar dei skriv. Eg orkar ikkje lesa det.

Eg skriv ikkje bøker som får prisar. Korkje prisar gjevne av litteraturvitarar og bokkritikarar, eller prisar delte ut av unge lesarar. For dei vaksne prisutdelarane trur eg bøkene mine vert både for lettlesne og for underhaldande. For dei unge vert dei også for lettlesne og byr på for lite blod, gørr og valdeleg spenning. Eg trur bøkene mine på mange måtar er konservative, eller gammaldagse på eit vis. Likevel så vert dei lesne, har eg merka. I skulane er dei mykje brukte, og eg får stadig tilbakemeldingar frå både lærarar og foreldre om ungar som likar å lesa det eg skriv, så nokon treff eg tydelegvis heime.

Eg legg som sagt vekt på språket, måten det vert fortalt på. Nokon har kalla dei siste bøkene mine for poetiske spenningsbøker, ein kritikar omtala Den svarte oksen som eit langt spennande dikt som ho ikkje greidde å leggja frå seg.

Eg prøver også å skriva om spenning som går føre seg i hovudet på folk, like mykje som ytre handling. Nokre av bøkene mine ligg tett opp mot fantasy og eventyr, og eg skriv om uforklarlege hendingar, eller slikt som kan verka uforklarleg, men likevel prøver eg å la handlinga vera kvardagsleg på eit vis utan store heltar og heltedådar. Ungane i bøkene mine er vanlege ungar, men dei er kan henda litt for snille. Dei bannar ikkje. Dei oppfører seg fint. Dei går heim og et middag. Og de har gifte foreldre som ikkje kranglar eller ligg dritfulle i stova og spyr. Ganske kjedelege greier, altså. Ved å nekta karakterane mine å bana og oppføra seg ”stygt”, er det klart at eg også nektar meg sjølv ein del ting som kunne fått opp spenningsnivået. Det får så vera. Kvifor skal ungane i bøkene mine banna, når eg sjølv prøver så godt eg kan å unngå å banna sjølv? Eg seier også når eg er ute i skulen at eg ikkje bannar, og at eg ikkje tykkjer andre skal gjera det heller. Eg synest det høyrest teit ut med folk som bannar, seier eg. Ingen vil vel gå rundt å høyrast teit ut.

 

Bøkene mine er kvardagslege og går føre seg i kvardagen, geografisk er dei på eit vis plasserte mitt i barndommen min. Eg ser føre meg stader der eg leika, eller var mykje, då eg var liten og prøver å få ting til å skje der. I tre av bøkene mine er handlinga lagt til ein stad som kan likna på Brandasund eller utover der. Ja, eg har til og med kalla staden Skjeret.

I dei tre første bøkene mine om Sjørøvar-Jenny og Einauge-Bill føregår store deler av handlinga inne mellom holmar og skjer utanfor Grindheimsvågen. Eg har i alle fall brukt namn derifrå. Eg har hatt eit håp om at mostringane skulle oppdaga det, og at skulen der kanskje kunne brukt det til noko, men eg har ikkje høyrt at det har hendt. Kan henda pga av lærarane ikkje kjenner den lokale geografien og gamle, lokale namn? Eg trur nemleg at dei har lese bøkene.

Eg brukar ofte ord og uttrykk som er gått ut av daglegtalen. Eg gjer det bevist, for at lesarane skal lura på kva ordet betyr og kanskje slå det opp i ei ordbok. Eg meiner at folk har godt av å læra seg nye ord. Både unge elevar og lærarar. Eg fekk eit spørsmål for eit par veker sidan om ein feil i ei av bøkene mine. Det var ein gut med lesevanskar som hadde funne feilen og meinte at læraren burde senda meg ei melding om det. Eg hadde nemleg skrive om ein at han ”strauk på dør”. Eleven meinte at det skulle vore ”strauk på døra” og læraren var heilt samd med eleven. Ingen av dei kjende uttrykket frå før.

Eg veit ikkje kva bok dei fann dette i, men eg veit at denne eleven les ”Ulvestova” som truleg er den av bøkene mine som er tyngst å lesa. Han har lesevanskar. Men han vil ikkje sitja i klassen og lesa lettlesebøker eller tilrettelagt litteratur, når andre les ”skikkelege bøker”. Difor hadde han lånt ”Ulvestova” på biblioteket, og han syntest ho var spennande. Læraren hadde lagt merke til at han sat og tjuvlas i henne når han eigentleg skulle jobba med andre fag. Det likar eg.

Eg skriv lettlesbøker, men eg vil helst at det ikkje skal stå nokon plass på bøkene at dei er lettlesne. Difor har eg gitt ut lite i lettles-seriar. Eg har ei Leseløve og eg har gitt ut to bøker på den gamle lettlesserien Komet til Samlaget. Ei av dei er ”Heksa” som vart kalla den skumlaste boka som er skriven for ungar i Noreg, då ho kom ut. Ingen har nokon gong nemnd at ho er komen i lettlesserie. Det er bra.

Eg trur ikkje ungar vil sitja i klasserommet med bøker der det står med store bokstavar utanpå at dei ikkje er gode å lesa. Eg ville sjølv styrt unna slike bøker som stigmatiserte meg og eg synest ikkje at lærarar skal bidra til stigmatisering. Eg synest lærarar skal finna fram til gode bøker som er kjekke og lette og lesa for dei som skal lesa dei og det vil variera frå elev til elev.

Det fordrar jo sjølvsagt at lærarane har ei viss oversikt over litteraturfeltet, og veit kva som er tilgjengeleg. Eg synest at ein må kunna krevja av ein fagperson at han eller ho følgjer med i faget sitt av eiga interesse, for å bli best mogeleg til å gjera jobben sin. For ein lærar i norsk og lesing synest eg det ikkje er noko stort krav at dei skal halda seg best mogeleg orienterte om relevant litteratur for sine elevar.

Her i Sunnhordland har me det eigentleg ganske enkelt. Det kryr jo av gode barnebokforfattarar her. Og dei skriv i alle slags sjangrar. Frå dei blodige spøkelseshistoriane til Tor Arve Røssland til dei humoristiske og forbausande provoserande bøkene til Rune Belsvik som ikkje inneheld ein bloddråpe, men derimot fabulering, fantasi og heilt uventa handling og hendingar. Her finst Per Olav Kaldestad sine fine barnedikt, Anna Rommetveit Folkestad sine humoristiske småbarnsbøker, Hans Sande sine surrealistiske biletbøker, Ragnar Hovland sin lakoniske humor osb osb og så har me Bjørn Sortland som både skriv nokre av dei finaste, seriøse, djupe ungdomsbøkene på nynorsk og dei mest populære spenningsbøkene på bokmål. Og ein treng ikkje reisa lenger enn til Os for å finna Bente Bratlund Mæland som skriv ”problembøker” som både er lette og lesa og som fengjer unge jenter.

Om ein vil skaffa seg eit overblikk, eller finna gode bøker å bruka i klassen, treng ein ikkje reisa langt, altså. Men viss ein vil reisa eit lite stykke lenger, kan ein ta turen til Odda, ikkje berre for å finna Frode Grytten, men Bjørn Ingvaldsen som er ein av våre mest produktive forfattarar og som skriv både underhaldande, humoristisk og djupt seriøst. På bokmål, diverre, men der er han urokkeleg.  Om ein skal utvida søket nordover på Vestlandet, så er det nokre namn som må nemnast, Marit Kaldhol som skriv fabelaktig godt og veldig alvorlege og poetiske bøker for ungdom. Ho er kan henda vår beste ungdombsbokforfattar, meiner eg. Eg må også nemna humoristen Arnfinn Kolerud og Lars Mæhle som skriv i mange sjangrar, frå mursteinstjukk fantasy til små og lettlesne fotballbøker.

Det er eit enormt utval god litteratur for born og unge i dag. Mykje meir enn då eg var liten. Difor synest eg det er så rart når eg støtt får spørsmål og klagemål frå lærarar at det er så vanskeleg å finna god litteratur på nynorsk for born. Det er jo berre å gå på biblioteket og leita, og her i kommunen kan ein jo berre sjå på kva forfattarar som kjem herifrå og byrja med dei.

(Dette er ein redigert verson av eit innlegg eg har halde ein eller annan stad, men eg hugsar diverre ikkje kor. Sånn er det.)

 

 

Kunst, kultur og samfunn – og livet elles.