Farvel med ein fin fyr

«Ein fin fyr» kalla eg fredagspraten eg hadde med Leif Magne Hole i Sunnhordland hausten 2015. Han var nyleg blitt valt inn i Stord kommunestyre for Stordlisto, men stod i intervjuet fram som svoren sosialdemokrat, lesehest, bridgespelar og Stones-fan.

Han vart kalla for Høle» i unge år og hadde nok rykte for å vera litt av ein rabbagast. Eg vil tru at det var meir enn ein stordabu som trekte på smilebandet, eller flirte i skjegget, då dei såg namnet hans blant dei øvste på Stordlisto. Og nokre tenkte vel at det sa sitt om seriøsiteten til lista. Men dei som kjente han flirte ikkje, og etter intervjuet mitt med han i Sunnhordland veit eg at det var mange som sperra augo opp. Han var visst litt av ein smarting han der Leif Magne Hole.  Les meir om Farvel med ein fin fyr

Me kan ikkje relativera oss i hel, heller

Eg er ikkje nokon politisk tenkjar eller filosof, og eg tek ikkje ofte ordet i politiske samanhengar. Men eg er oppteken av samfunn, kultur og politikk og eg er stundom skremt av uttalar og meiningar
eg les her på facebok om folk frå andre land og kulturar. Men stundom forstår eg likevel kvifor dei skriv det. Eg fekk lyst til å prøva å formulera noko av det eg meiner og trur på. Eg trur ikkje eg er aleine om å tenkja slik, og skulle eg vera det, så får det så vera.

DET EG TRUR PÅ
Eg synest folk skal få gå kledd slik dei sjølv vil, ikkje slik andre vil eller bestemmer for dei, men eg vil sjå ansiktet til dei eg snakkar med, og dei eg møter på gata eller treff i ei folkemengde. Berre augo er ikkje nok. Eg vil sjå uttrykket i ansiktet deira, smil og glede eller hat og forakt. Eg krev at eg også vert møtt med respekt. Det vert eg ikkje dersom du nektar å visa meg ansiktet ditt når du snakkar med meg.

Eg synest at folk skal få tru kva dei vil og på kven dei vil, sjølv om eg personleg korkje trur på gudar eller avgudar, og har sterk mistillit til autoritetar av dei fleste slag. Men eg likar salmesong og religiøse tonar og eg har vokse opp i ein familie som bygde livet sitt på kristne og sosialdemokratiske verdiar. Det sit djupt i meg. Eg har ikkje noka gudstru, men eg har tru på gode levereglar og god moral.

Eg meiner at religion er ei privatsak og er imot statsstøtte til kyrkjer og trussamfunn, anten dei er protestantar eller islamistar eller fundamentalistiske heidningar. Eg tykkjer kyrkjelydane sjølv skal finansiera både trua og mistrua si.

Skal det likevel vera slik at staten, du og eg, støttar økonomisk opp under kyrkjer og trussamfunn, så må også staten stilla klåre og ufråvikelege krav til at desse kyrkjesamfunna byggjer på og respekterer dei rådande prinsippa, lovane og reglane i det samfunnet me lever i, mellom dei er trusfridom, talefridom og likskap mellom kjønna.

Eg meiner også at lovar og reglar må gjelda for alle same kva tru, hudfarge eller variantar av det norske språket folk snakkar. Dersom det vert forbode å bera muslimske religiøse symbol på arbeidsplassane, må det også vera forbode å bera kristne religiøse symbol t.d.

Eg er for eit ope og inkluderande samfunn, der ulike meiningar, truer og kulturar skal få komma til orde. Men me kan ikkje relativera oss i hel. Me må våga å stå fram og forsvara vår eigen kultur og vårt eige samfunn. Me må kunna seia ope og rett fram at me trur at den samfunsmodellen Noreg har valt er den førebels beste verda har sett, og me vil at han skal bli endå betre, men då må me altså med demokratiske og opne verkemiddel kjempa mot alt og alle som vil riva ned det som er bygd opp og nektar å respektera dei demokratiske og gode ordningane me har komme fram til i det landet dei bur i, eller har flykta eller flytta til.

Eg høyrer heime på den politiske venstresida. Me er i mindretal no, men eg trur me potensielt er langt fleire enn det både gallupar og røystetal fortel. Men då må venstresida ta folk si uro og angst på alvor.

Eg trur at den politiske venstresida må ta på alvor angsten som finst blant heilt vanlege folk for at det gode samfunnet me lever i kan bukka under etter sterkt press frå folk som korkje kjenner til våre politiske eller kulturelle historie og som ikkje respekterer dei verdiane me byggjer vår velferd på, men som likevel reiser langt og ofrar mykje for å få lov til leva her.

Eg trur at dei politiske partia eg kan vurdera å gje røysta mi til, vil stå seg på å ta eit sterkt og tydeleg oppgjer med dei religiøse og politiske kreftene i det norske samfunnet som vil setja oss tilbake til mellomalderen, like eins som me kjempar mot dei som vil gjera Noreg til ein fristad for kapitalistar og profitørar av alle slag.

Me må ikkje vera så feige at me ikkje torer å kritisera haldningar og praksisar, trussetningar, klesplagg og kulturar fordi me er redde for å støyta nokon eller hamna i same brunsvidde holet som framandhatarane på høgresida. Det ekstreme høgre og den fundamentalistiske religionen er to av same alen og kjempar begge for undertrykkande og udemokratiske samfunn.

Så var det sagt. Lik det eller ikkje, men der står eg altså for tida.

 

Innlegget har tidlegare vore publisert på Facebook.

På strak arm og kindlebrett

No har også eg lese Elena Ferrante sin Napoli-kvartett, og trass i at eg hadde litt motstand i starten, slik eg ofte har mot overeksponerte bøker og filmar, så vart eg etterkvart riven med i denne lange ferda gjennom italiensk og europeisk etterkrigstid, ungdomsopprør og ytrevenstre fraksjoneringar, moral og umoral, by- og samfunnsutvikling, teknologisk nybrotsarbeid, feminisme, venskap, familieliv, korrupsjon og alt mogeleg anna som forfattaren har greidd å blanda inn i denne gryta. Den første boka gjekk det litt tregt å komma gjennom, eg vart litt lei desse to venninnene, men frå andre boka av las eg det heile på strak arm og kindle-brett.

Er det ikkje kiosklitteratur? spurde ein leseglad mann eg møtte like etter at siste ord var lese. Jo, det er det (i tydinga lett lese, lett fortalt og underhaldande), men det er også framifrå forteljekunst og ei lærebok i å skriva slik at det vert ein svir å lesa, der ikkje nokon triks vert for skitne, knep for velbrukte til å ta i bruk. Dette er såpeopera og melodrama, netflix og hbo, Tolstoj og Dickens og heile smørja.
Her hender inkje tilfeldig. Alt som vert lagt opp til i starten, vert fullført før siste ord er sagt, kvar person har sin nøye gjennomtenkte plass i den mangslungne veven, kvar ei hending er motivert på førehand, dramaturgien er enkel å få syne på, her skiftast det brått mellom stille parti og store katastrofar, ein fin samtale vert avbroten av eit frykteleg jordskjelv, eit etterlengta møte mellom far og dotter vert omgort til sorg og sakn og ei mogeleg kidnapping, når forteljaren har det på sitt mest traurige, dukkar brått hennar store draumemann opp, alltid, når alt ser ut til å gå på tomgang, trekkjer forfattaren opp Lila, den eigentlege hovudpersonen frå hatten og så er me i gang att.Og når det tykkjest vera fred og forsoning, så drep ho nådelaust ein karakter eller to.

Det er mest irriterande veldreidd og så godt konstruert at det liknar frykteleg på røynda. Men i det verkelege livet går aldri alt opp til slutt, slik som her.

Eg prøvde å ta ein pause og gjera slik ein skal i påska, lesa ein kriminalroman. Etter ti sider gav eg opp. Språket vart for oppstylta. Stilen var så kriminalromansk, med masse detaljar om rom og stad og folk og fortid at det kjeda livet av meg. Forfattaren gav meg ikkje fred til å laga bileta sjølv. Eg lukka fila og opna Ferrante att. Ho fortel også mykje og kjedar meg stundom med for mykje oppramsingar og jabbing om italiensk politikk, men ho beskriv ikkje meir detaljert enn at eg kan sjå alt føre meg, ikkje slik det faktisk er der, men slik det skapar seg til i mitt hovud.

Viss du har lyst til å ta fri frå facebook og andre asosiale medium ei stund, så er Ferrante vel verd å verta kjend med. Eg hadde mest ikkje tid til verken å sjekka likes, lesa statusar eller kikka på kva andre folk dreiv med i påska medan leseferda til Napoli stod på. Eg fekk ikkje skrive noko sjølv heller, før no.

Eg kom på noko som eg lurte litt på under lesinga. Personane snakkar anten italiensk eller dialekt, vert det skrive. Men dialekten i Napoli er vel mest å rekna for eit eige språk, napolitansk, som kan vera uforståeleg for andre italienarar. Skulle gjerne visst om kva ord Ferrante sjølv brukar, dialekt eller napolitansk. Kva nemning ein brukar vil endra lesinga mykje.

Kunst, kultur og samfunn – og livet elles.