Merkelapp-arkiv: Stord

Valøyo? Nei!


Seksåringen Johann i lyskjegla frå mora si hovudlykt. Dei er og skeisar på Straumen i Hystadmarkjo. Straumen er ei grunn innfløingstjørn med brakkvatn. Ho er siste resten av det sundet som gjekk mellom Hystad og øyane austanfor. Difor er ho freda, og naturen skal gå sin gang slik at ho ein dag er borte og blitt til skogbotn.

Johann skeisar på Straumen
Les meir om Valøyo? Nei!

Folketal, bustader og planlegging av framtida


I den nyleg vedtekne samfunnsdelen av kommuneplanen, som i stor grad handlar om disponering av areal til bustader, næring, jordbruk o.l. går det fram at både politikarar og administrasjon ventar ein vekst på 1 prosent av folketalet kvart år, fram mot 2050. Eg har prøvd å rekna på det, og komme fram til at det i så tilfelle vil vera om lag 25000 stordabuar når den tid kjem, og det utan at me har lagt under oss Fitjar kommune.
I Statistisk Sentralbyrå (SSB) si folketalframskriving reknar ein med at det berre er 19500 stordabuar i 2050, altså, så godt som inga auke i folketalet i det heile.

Her på Hystadgardane er det planlagd 300 bueiningar.
Les meir om Folketal, bustader og planlegging av framtida