Eg valde eit bilete av meg sjølv og Bømlablues, denne gjengen, pluss dei tre kvinnene i koret som ikkje kom med på biletet, illustrere godt det eg skriv. Her er både utdanna musikarar og ikke, alle har gått på musikklinjer utanom eg, storparten er lærarar, ein er lastebilsjåfør, ein profesjonell musikar, eg har berre eit år på musikklinje i ungdommen, men har studert litteratur og teater. Fotografen er Harald Onarheim, utdanna musikklærar som har jobba med IT på høgt nivå.
Det er ei vanskeleg sak dette. På eine sida, eg kan forstå at når fylket byggjer nytt stort skulebygg for vidaregåande skule i Stord kommune, er det rasjonelt å flytta undervisningstilboda i Fitjar dit. To vidaregåande skular på ei relativt lita øy, er kanskje i overmåte med nedgåande elevtal og svekka økonomi.