Eg òg er imot klimahysteri. Hysteri løyser ingen problem.
Men det er ikkje hysterisk å meina at menneskeleg aktivitet fører til utslepp av klimagassar. Det er ikkje hysterisk å ta frykten for ein total økologisk og økonomisk kollaps på alvor. Det er ikkje hysterisk å nøkternt vurdera kva samfunnet må gjera for å demma opp mot ei trugande krise. Like lite som det er hysterisk å tenkja over sin eigen levemåte og sitt eige forbruk.
Her er seks songtekstar, som dukka opp i hovudet mitt. Somme kallar det nidviser, andre seier dei er i tradisjonen etter Pausposten, eg veit ikkje. Skjemt og politisk satire, kanskje spottesongar? Du får lesa sjølv, viss du vil, og sjå kva du meiner. Nokre kan syngjast på kjente melodiar, eller setjast melodi til for dei som driv med slikt, eller lesast opp i lystig lag. Dei vart først publiserte på Facebook.
Kvar dag går tonnevis med daggammalt brød til dyrefor, høyrer eg i radioen. I min barndomsheim fekk me gammalt brød til kvelds, i ulike former, og gjerne med eit lass sukker på. Kjempegodt og truleg ganske usunt.
Me har ikkje reist langt i år. Før me tok ein biltur austover for å sjå Peer Gynt i Gålå, var ein av dei lengste turane me gjorde til sundet mellom dei to Ilholmane – rett nordom Utbjoa.
Det var ein av dei mange fine soldagane i sommar, etter at den verste varmen hadde gitt seg. Me hadde berre forseglet oppe, motoren slått av og ein fin liten bris frå sør-vest gav oss nokre få knop. Me sat med ein kaffikopp i handa og lytta til surkling langs skutesida, fjerne skrik frå måsar inne på land, pustinga til nokre niser som ikkje brydde seg særleg om oss – og duringa frå båtmotorar langt borte.