Eg les på nettet at no vil det bli trafikkork og kaos på Leirvik i eitt år framover.
Nei, det blir det ikkje. Det blir litt venting. Det motsette av kaos.
Eg les på nettet at no vil det bli trafikkork og kaos på Leirvik i eitt år framover.
Nei, det blir det ikkje. Det blir litt venting. Det motsette av kaos.
Kvitveisen syng på det siste, men heggen står i sin finaste skrud og platanlønn er i ferd med å vinna kampen om Hystadmarkjo.

Pest og plage. Hagen veks over med krypmispel, gravmyrte og andre planter som legg seg over alt og alle, sniglane et opp spirer og blomar og kattane drit der dei kjem til. Tenk om me kunne fått ein felles aksjon mot halle hageplager, særleg dei hersens kattane.

Eg er to gongar blitt spurd om å halda 17. mai-tale. Éin gong på Fitjar og éin gong på Moster. I 2002 talte eg i Fitjar, no har eg for første gong lese gjennom talen på ny, og funne ut at eg gjerne kan dela denne 15 år gamle talen med fleire. Lite har endra seg sidan den gongen.
